mandag, oktober 11, 2010


God morgon!


Eg startar den nye veka med ny og rar-fin lampe på kjøkkenet. Det var så mørkt i hjørnet der espressomaskina står, og eg hadde lyst på ein enkel lampe som ikkje kom i vegen for sakene på hylla bak. Valget falt på NUD; rett og slett ei kvit tekstilledning med porselenssokkel. Enkelt og greit. Og altså litt rar-fint. Men eg må få skaffa meg ei pære som ikkje blendar oss aldeles. Det einaste eg hadde i hus var ei 40 watts pære, og solbriller er eit must dersom lampen skal vere påskrudd, hehe. Vi får sjå om 25 watt vert betre. 

Ha ei god veke, folkens!
PS! Eg fekk eit par spørsmål om utelampa vår. Den er kjøpt på nett for eit par år sidan, og eg kan ikkje for mitt bare liv hugse kva for ein nettbutikk det var! Eg lovar å kome tilbake med nærare informasjon dersom eg skulle kome på det seinare.

4 kommentarer:

  1. Takk for hilsen! Fin blogg du har da! Tror ikke jeg har vært her inne før! FIN!

    SvarSlett
  2. Så kjekt du ville vere med på blogglotteriet mitt.:)
    Det er altid så deilig å kome inn på din blogg! Det er liksom roa senkar seg då.:)
    Ha ein fin dag!
    klem frå meg

    SvarSlett
  3. Masse fine haustbilder her inne hjå deg! Haust er så herleg! Me er heime hjå mor og far i ferien, og idag vart mors gamle klatre-i-berget-kunster oppfriska. Ungane elska det! Så no er me trøtte og mette i kroppane etter ein herleg dag ute!

    Kjempefin lampe du har funne! Eg likar òg så godt desse enkle! Lurar på om eg kanskje har løysinga på blende-problemet, for det fins pærer som er matte på øverste halvdelen, nett for ikkje å blende. Kan vere greit å sleppe solbrillene;-)

    Klem

    SvarSlett
  4. Åh, den porselenssokkelen var fin! Ein ny vri på skjermlause lamper. :) Og så koseleg det såg ut med straumstans!

    SvarSlett