mandag, september 27, 2010

Å ja...

Eg har hatt nokre HERLEGE dagar. Forrige torsdag sette eg og mannen oss på flyet for å ha ei langhelg i København (som fleire av dykk gjetta). Berre vi to! Ikkje akkurat kvardagskost! ;) Vi har berre såvidt vore innom København for mange år sidan, og etter å ha lese begeistra reiseskildringar både her og der - og der, hadde eg høge forventningar. Mannen hadde også noko å gle seg til, byen har jo tivoli, må vite! ;)
Vel framme installerte vi oss på eit hotell like ved Hovedbanegården, der vi hadde utsikt til ein fredeleg og sjarmerande bakgård. (Tips: Coop hotellkupp: 3 netter med frokost = 2098 kr)

Og så var det berre å begynne å utforske byen. Vi traska gatelangs i behageleg tempo, gate opp og gate ned, stoppa for ei matpause når det passa oss. Og eg fekk sjå ved sjølvsyn at det ikkje er nokon overdrivelse at sykkelkulturen blomstrar i Danmark sin hovudstad! Aldri før har eg sett så mange flotte syklar på så kort tid!

Eg vart aldeles begeistra for alle dei fine bakgårdane, og kika spent inn kvar gong vi passerte ein. Sjå den flotte fargen på veggen i denne bakgården! Og dei grøne plantene – og syklane – og brosteinen! *sukk*

“Tre små kinesere på Højbro plass…”

Ein tur med kanalbåt fekk vi også med oss, ein fin måte å sjå byen på. Og så fekk føtene kvile litt! :)

 

Litt shopping vart det, men mindre enn eg hadde forventa. Det var ikkje mangel på fine butikkar som gjorde det, heller at det er begrensa kor mykje ein har bruk for og plass til heime. ;) Akkurat desse gamle lysturkise barnestolane skulle eg gjerne hatt med heim, men dei ville nok ikkje fått plass i kofferten! Dermed måtte eg nøye meg med eit foto.

København er flott også på kveldstid. Tivoli glitra etter at sola var gått ned, og under desse asiatiske lyktene kjøpte vi oss ein kakao for å halde varmen.



Kaffe på Café Europa – lun og koseleg stemning.

Men jammen er det godt å kome heim òg. Når ein flyg inn over den norske fjellheimen bada i sol, er det nesten så ein får klump i halsen. Særleg når ein veit at ein snart skal heim og halde ein liten plugg på snart to år som aldri har vore så lenge vekke frå mamma og pappa før! Ungane hadde heldigvis hatt det tipp topp, akkurat som vi. Og eg ser ikkje vekk frå at det kan bli fleire turar til København med tida!

11 kommentarer:

  1. Å så kjekt det såg ut! Ein herlig by med mykje god mat og mykje godt for auga! Fekk lyst på ein ny tur nå! :-)

    SvarSlett
  2. Dette såg kjekt ut..
    Ein treng slike avbrekk i kvardagen...

    SvarSlett
  3. Herlig, en av mine favoritter også :)
    Men nå gleder jeg meg til Ålesund til helga, "alle" skal hjem til mor og far.
    Merkelig nå man faktisk virkelig gleder seg til familehelg!

    SvarSlett
  4. Anonym8:57 a.m.

    Det er dere vel unnt. Gratulerer med dagen(såg kommentarene i forrige innlegg) Ha en flott høst i vårt flotte høstver.
    j

    SvarSlett
  5. Ser at du har hatt en deilig tur til Kbh. Fanget opp mange skatter med øyet og kameraet.
    Bodde en periode like utenfor denne vakre by og kjenner lengselen kommer etter en tur når jeg ser de fine bildene dine...må reise snart...:)

    Ha en strålende høstdag i vakre Norge..!!
    Hilsen Mariann

    SvarSlett
  6. Jeg elsker jo København og suger til meg alle inntrykkene fra dine bilder. Takk for at du deler med oss her ute.

    SvarSlett
  7. så heldige dykk har vore. Det høyrtes, og såg, heilt nydeleg ut. Slike gode opplevingar kan ein leve lenge på :O)

    Ønsker deg ei god veke.

    *klem*

    SvarSlett
  8. Kor deilig det såg ut.:) Trur eg skal ta med meg mannen snart eg og. Vi hadde trengt ei helg berre eg og han ♥ Kjekt å sjå bilda dine frå turen, godt å høyre at de hadde det fint.:) men eg er heilt einig, det er jammen godt å kome hiem til dei søte små!
    Ha ei fin veke!
    klem frå meg

    SvarSlett
  9. Så mange fine bilder fra en herlig by. Nå fikk jeg skikkelig reiselyst!!!

    Ha en herlig onsdag. Klem

    SvarSlett
  10. Hei hei
    Høres ut som en kjempeflott tur. Det er viktig å ta seg tid til å være kjærester i en ellers så travel hverdag.
    En tur til Køben står ganske langt opp på min ønskeliste og.
    Ha en fin dag
    klem TOve

    SvarSlett
  11. ÅÅÅ, ikke fritt for at jeg ble litt misunnelig nå, altså... ;-)
    Så bare helt herlig ut. Det er over 15 år siden jeg var i København... På tide med et besøk, kanskje? ;-)
    MEN; Unner dere det for alt i verden, da! Særlig med så små krabater er det fint å kunne være litt kjærester også ;-)

    SvarSlett