lørdag, juli 17, 2010

Sommarmat!

17jul

I dag var det fint og varmt ute, og eg hadde ikkje lyst til å stå inne og koke middag. Ikkje freista det å ete varm middag heller, men eg fekk lyst på litt caféstemning i hagen, så eg skunda meg inn og sette ei deig til baguettar. Det tok ikkje mange minutta, så eg var raskt ute i finevéret att og slappa av under parasollen medan deigen heva. Etter ein liten innsats inne igjen, med forming av baguettane, steiking (medan eg kokte egg og fann fram anna pålegg), fekk resten av familien kome inn og fylle ein baguett med sitt eige favorittpålegg. Og så var det berre å finne seg ein plass på utecaféen vår. Mmmm…

Dersom du også har lyst på nysteikte baguettar, får du oppskrifta mi her:

6 dl vatn
2 ss olivenolje
2 ts salt
25 g tørrgjær
14 dl kveitemjøl

Bland saman det tørre. Varm vatn og olje til det er litt varmare enn fingervarmt, og bland det inn i det tørre. La deigen heve 30 min.

Lag 6 avlange pølser, skjær evt skrå snitt i dei. Etterhev 25 min.

Steikast ved 200 grader, 15-20 min.

5 kommentarer:

  1. Det er skønt når vejret tillader at man kan sidde ud og spise sandwich - og så oven i købet hjemmmelavet. Umh.
    Jeg har forsøgt at sy punge som jeg så på din blog. Det var sværre end jeg trode og de er slet ikke så flotte som dine. Jeg må øve mig.
    Hilsen Marianne

    SvarSlett
  2. ÅÅåååå ser fräscht somrigt gottit ut,,,, =)

    Ha de gottit

    kramiz

    SvarSlett
  3. Hørtes nydelig ut og veldig godt til sommermat. Skal skrive ned den oppskriften.
    Nå skal jeg i gang med å lage sveler.
    Klæm

    SvarSlett
  4. Peoner og hjemmelagde baguetter...hva mer kan man ønske seg!

    SvarSlett
  5. Supert tips! I dag skin sola og eg har sett deiga til baguettane.

    Gler meg - dei såg veldig gode ut!

    Ha ein strålandes dag!

    SvarSlett