mandag, juli 05, 2010

Juli

4jul
Eg kan ikkje forstå at vi alt er godt igang med juli månad! Kor vert tida av? Eg forstår heller ikkje at det er sju år sidan Vesla vår såg dagens lys, men slik er det, gitt! Dette vart feira i fleire omgonger no i starten av månaden.

4jul101 
Etasjefatet eg laga i fjor kom på bordet igjen. Det er heilt prima til muffinsservering, og ser ut til å verte ein del av gebursdagstradisjonane våre her i huset. :)

4jul102
Og her er den første vimpelrekka eg sydde. Den kom på plass til barneselskapet i helga.

1jul

Utandørs bløtkakefest under parasollen…mmm!

3jul101
Innimellom slaga vart det heldigvis tid til å gjere ingenting også. Å lakke tåneglar…

3jul
…og løyse kryssord er akkurat passe aktivitetsnivå når gradestokken nærmar seg 30 grader i skuggen.

2jul
Ja, for sjølvsagt må ein fiffe tåneglane når ein har fått seg nye sommarsandalar!

4jul103

Og så spratt endeleg årets første rose (Hurdalsrosa) ut, nesten ein månad seinare enn i fjor!!! Det var på tide, og no skal rosene mine jammen nytast framover!

Ha ei god veke!

8 kommentarer:

  1. heldig veslejente som har ei mamma som lagar så fine ting, både fatet og kakene er til å ete opp! :O)

    Ønsker deg ei fin veke,
    nyt sommardagane! (heldigen som har 30 grader!! ;O))

    *klem*

    SvarSlett
  2. Så nydelege kaker og fat til bursdagsjenta. Eg er sikker på at det var trivelege dagar. Og neglelakk skal eg faktisk kjøpe i morgon. Jentene mine her har mast om kvifor eg ikkje sommarpyntar tåneglene mine sidan venninnemora gjer det. Kva svar har eg?
    Sommar er herleg og lat, ein må berre minne seg på å vere nettopp lat.
    God veke til deg også!

    SvarSlett
  3. Nydelige bilder!!

    Ha en riktig fin juli:)

    Klem Pink Lady

    SvarSlett
  4. Gratulere til vesla!
    Herleg referat frå den flotte sommardagen..
    Måtte sola kome snart igjen....
    Ha ein vakker sommar!!

    SvarSlett
  5. Gratulerer så mye med 7-åring i huset. Utrolig flott fat du har laget (holder på å spare fat i blåtoner og blanke glass til mitt fremtidige eksemplar ;-). Bildene og kakene, nydelig!! Fin uke til deg!

    SvarSlett
  6. ååå! mange flotte bilder! :)

    Her og heng det vimplar i taket etter både 7 år og 40 års dag;) men dine var mykje meir forseggjort enn mine.... for ei tolmod du har!
    Og he,he! stettefatet mitt står og framme- og det brukte me i bursdagen til 7 åringen med gotteri og chips på! Eg laga mitt etter eg var på Transplant..for 2 år sidan (wobs så tida fyk,ja!) Var litt morro å sjå bursdagshuset ditt! ;) Veldig god til å "å fange augneblinken" med kameraet ditt!
    Men kryssord og nye sandalar...det har eg ikkje!
    Men....! Eg er godt i gang med uteplassen- som nok kjem til å likne på din! Kva skulle me gjort utan inspirasjon!?
    God juli vidare med fleir markjordbær og nye roser kvar dag!!!!

    SvarSlett
  7. Gratulerer med bursdag i huset! Ser ut som en flott feiring med superfine vimpler og nydelig muffinsfat!:) Ha fiiine sommerdager! Klem H

    SvarSlett
  8. Nydelige bilder av masse fint.Så fin feiring med kaker og pynt.Det muffinsfatet var knallstilig.Og den rosen hadde en utrolig skjønn rosafarge.:)
    Nå blomstrer de italienske rosene husets forrige eiger tok med seg ifra sin italiaferie.De dufter nydelig!:)
    Ja,hvor blir tiden av.Den går altfor fort.;)
    Klem.

    SvarSlett