torsdag, juli 15, 2010

Ein blå boks – og twitter

13jul

Eg må berre vise dykk ein fin treboks eg fann på loppemarked i fjor, og som det tok nesten eit år å få malt. Det vil seie; det var vel ikkje malinga som tok eit år, men å somle seg til å gjere det.

13jul101

Boksen ser ut til å vere heimelaga. Kanskje er det ein stolt skuleelev som ein gong har komt heim frå sløyden med den? Den var i utgangspunktet ubehandla og litt trist å sjå på, men eg synest den vart søt då den fekk nokre strøk med lys, lys blå maling. No står den og kosar seg mellom ein kaffeboks (som ikkje rommar kaffi, men brukte frimerker) og ein annan treboks, som husbonden laga i sine yngre dagar. :)

Og så må eg fortelje at eplabutikken min har fått twitterprofil, så no kan du følgje siste nytt frå Haust på Epla her.

4 kommentarer:

  1. Nydelig boks!!!
    Litt flaut å sei det, men e he aldri vore på Twitter... er det noko ein bør prøve kanskje??

    Ha ein fin fin dag videre!

    Marianne:)

    SvarSlett
  2. Må berre få sagt det altså, eg syns den reolen din er så fin! Har lyst på nåke lignande til stua mi:) Søt boks :D

    klem

    SvarSlett
  3. Koseleg med boksar...
    Ok å gøyme i ;-)
    Ha fortsatt fin sommar!
    PS: Den som vil dusje kan gå ut :-)

    SvarSlett
  4. så fin!
    en liten skatt det der.

    SvarSlett