lørdag, mai 15, 2010

Medan verda ute endeleg får farge...

...vert det forsyne meg kvitare inne hos meg! Eg har nemleg tatt målarkosten fatt og gått laus på spisebordet med kvit måling.

Eg har grubla lenge, lenge, lenge på om eg skulle måle eller ikkje. Den originale mørkebrune fargen var heilt super, og eg trivdest godt med den. Men dessverre var ileggsplatene ubehandla, og eg var difor avhengig av å bruke duk til eikvar tid. Og då er jo litt av vitsen borte. Eg var inne på tanken å prøve å behandle ileggsplatene med beis eller liknande for å få ein tilsvarande farge som resten av bordet, men det vart så komplisert å finne rette fargen at eg tilslutt bestemte meg for å gå for kvit måling. No håper eg berre at bordet tørkar skikkeleg til 17. mai, slik at vi kan bruke det på den store dagen. Hipp hurra! :)

9 kommentarer:

  1. Takk for det du :) Håpe dokke også får ei kjempeflott feiring!

    Det bordet ble riktig så lekkert! Vi maler "bare kjedelig" om dagen vi da, tak, vegger og vinduskarmer. Men resultatet er ikke kjedelig da! Kjekt med forandring, og sette vårt preg på huset :)

    Ha ei fin langhelg videre!

    Klem

    SvarSlett
  2. Nydeleg! :) Eg har akkurat måla eit bord sjølv. Veldig fornøgd! Ha ei fortsatt fin helg, og ein fin
    17.mai!

    Klem frå Elin :)

    SvarSlett
  3. for et fint bord.
    jeg pleier ikke bruke duker...så jeg forstår "problemet" ditt ;)

    SvarSlett
  4. Dette vert veldig bra..
    Satsar på at det tørkar fort..

    ha flott 17.mai helg!!

    SvarSlett
  5. herlig bilder som vanlig:)nydelig bord du har malt!!!

    SvarSlett
  6. Så flott bord.
    Ønsker deg en fin 17.mai feiring i morgen. klem

    SvarSlett
  7. Eg forstår problemet, men uansett er det kjekt å kome fram til ei løysing, trur ikkje du vil angre. Kjekt med forandring, men veldig kjekt å sleppe duk til ei kvar tid...

    Gler meg til å sjå fleire bilete av spisebordet. Ha ein kjekk 17.mai! Klem frå meg...

    SvarSlett
  8. Så nydelig bord! Her blir det også hvitere og hvitere, men det gjør bare "lerretet" mer perfekt for farger;) Ha en flott 17.mai i morgen!:)

    SvarSlett