torsdag, mai 27, 2010

Bobleblåsar

 


I ettermiddag var det nokon som kjeda seg litt her, og eg kom på at eg skulle plukke fram att eit leiketøy vi har laga sjølv. Eg hadde eit blogginnlegg om dette tidlegare, men eg trur det vart sletta då eg var i ferd med å avslutte bloggen min for eit par år sidan, så det skadar sikkert ikkje med ei reprise. Leiketøyet er noko så enkelt som ei avkappa brusflaske som er påmontert ein bit av ein frottéklut ved hjelp av strikk. Vi blandar ut litt sterkt Zalovatn i ein isboks, og så er det berre å dyppe bobleblåsaren i såpevatnet og setje igong med å blåse bobler. Laaange remser med bobler. Billeg og heimelaga moro! Og idéen fann eg her.

5 kommentarer:

  1. Wow. Så kult. Det må jeg prøve med mine barn. Kjempemorsomt.
    Ha en fin kveld

    Klem Tove

    SvarSlett
  2. Det var jammen et godt tips - takk takk:-) Hvis det er såpeboblevær i helga skal det prøves ut!

    God helg!

    klem

    SvarSlett
  3. Stilig.
    Det må jeg huske til jeg får besøk av noen små som trenger en aktivitet.
    Ha ei riktig god helg :)

    SvarSlett
  4. Hugsar denne frå gamlebloggen din..
    Men flott å bli minna på den :-)

    Ha god helg!!

    SvarSlett
  5. Så tøft! Eg sto på terassen for ein månad sidan med ei niese som blåste bobler over kanten, og såg dei fly avgarde. Morro!! :o)

    SvarSlett