søndag, desember 27, 2009

Romjul





Julemat, juletre, juleselskap, julefest, julesnø, julesnop, julesong - julefred!

Fortsatt god jul!

onsdag, desember 23, 2009

Kvelden før kvelden


No er vi klare for julefeiring her i huset. Før eg tar ein aldri så liten bloggferie må eg berre innom her om snarast for å ynskje dykk alle ei god julehøgtid!

Vi sjåast om nokre dagar! :)

tysdag, desember 22, 2009

Julestrømper






For litt sidan kjøpte eg to julestrømper av Borghildpia, og i dag kunne eg ikkje vente lengre med å henge dei opp! Har de sett noko så fint? Stoffa Borghild har brukt er så smakfullt sett saman, og dei små strømpene er rett og slett berre nydeleg handarbeid! Eg blir i skikkeleg godlune av å sjå på dei, der dei heng! Tusen takk, Borghild! :)

måndag, desember 21, 2009

Nye kunster



I helga las eg i bloggen Dans på roser at Kathrin i fjor gjorde eit forsøk på å brette tyske papirstjerner til jul, utan å få det til. Akkurat som meg! Men i år hadde ho prøvd igjen, og no meistra ho kunsten. Desse papirstjernene er så nydelege, og eg kjende at eg måtte prøve igjen eg óg. Utstyrt med papirstrimler og saks sette eg meg ned for å gjere eit nytt forsøk i går kveld, og denne gongen fekk eg det til! Utruleg kjekt! Eg trur eg må seie eg har blitt litt hekta på å brette desse stjernene, og vil myyykje heller brette papir enn rydde til jul! ;) Men eg får vel prøve å rydde litt innimellom brettinga, kanskje...

Eg brukte forresten denne videoen for å lære bretteteknikken.

laurdag, desember 19, 2009

Vinterlys


Lyset frå vinterlandskapet ute gjer at alt inne også ser annleis ut. Eg likar den blå tonen det gir på bileta.


Vi startar laurdagen i ro og mak, men må nok setje opp dampen litt seinare i dag. Kanskje får vi juletreet i hus i løpet av dagen? Det må nok stå ute nokre dagar til, for vi pytar det ikkje før den 23., men det kan vere greit å sikre seg eit tre før det vert altfor utplukka. Vaskebøttene bør vel også takast fram i dag. Full nedvask blir det ikkje, men eg veit for eksempel om eit par barnerom som har bruk for ein omgang med vatn og klut. ;)

Ha ein fin laurdag!

fredag, desember 18, 2009

Eg speidar...


...mot fjella.

For 2-3 kveldar sidan kom det nokre få, små snøfnugg utfor vindauget, og eg vart lurt til å tru at det var julesnøen som kom. Det var det ikkje. Men det har vore kaldt, og no ser det ut som om det snør i fjella mot sør!

Eg heng ved vindauga og ventar på at bygene skal nærme seg.

Oppdatering: Det snør! Eg tar ei reprisedenne ! Denne er heller ikkje dum.

torsdag, desember 17, 2009

Utfor døra

I går kveld var eg innom bloggen Livs Lyst, og såg kor fint ho hadde pynta til jul på trappa si. Eg vart så inspirert at eg spratt opp av sofaen, drog på meg varme klede og gjekk ut i kulda og mørket for å rydde litt på utfor døra vår. Skøytene og kjelken kom fram, og eg klipte nokre furukvistar og laga ein ny krans til døra. Då eg kom ut att i dag, såg eg at der er litt justeringsbehov her og der, då kransen vart laga med stivfrosne fingrar i mørket. *knis* Men det får vi ta seinare i dag, tenker eg. Akkurat no skal eg nyte kaffikoppen min medan Minsten tar formiddagsblunden sin. :)

Redigert: Eg klarte sjølvsagt ikkje å bli sitjande og tenkje på den litt for rufsete kransen min, så no er den justert ein smule! ;) 

onsdag, desember 16, 2009

På glas…

16des092

I går baka eg biscotti, i dag kom dei på glas. Dekorativt og veldig, veldig godt! Det spørst om denne dekorasjonen varer så lenge. Trur eg må lage meir…

tysdag, desember 15, 2009

Pakkepynt – og litt inspirasjon

11des094

No har eg berre eit par småpakkar att før alle gåver er pakka og klare. Medan dei ventar på å bli levert til mottakarane, er pakkane ein del av førjulspynten her hos oss. Ungane synest sjølvsagt det er kjempespanande å smugkike på lappane…

I dag må eg sende dykk vidare til ein nydeleg bildeserie på bloggen Dos Family. Dette julepynta interiøret gjekk rett til hjartet på meg! koseleg! Ta ein titt og bli inspirert! :)

måndag, desember 14, 2009

Kvit jul?

14des091

Eg ser det er fleire som ventar på snøen, og i år har eg faktisk begynt å håpe på at det kanskje kan bli ei kvit jul! Langtidsvarselet viser at det to dagar før julaftan er venta 16 kuldegrader, og når det er 16 kuldegrader her, då er det KALDT! Brrr! No skiftar rett nok véret fort på våre kantar, så eg vert ikkje overraska dersom det regnar igjen julaftan, men det hadde vore ekstra kjekt dersom vi fekk ha nokre kuldegrader og snø…

I dag er det i alle fall grått og vått ute, men vi fyrer i omnen og kosar oss likevel. Jula er faktisk rett rundt hjørnet! :)

søndag, desember 13, 2009

Julevandring 2

11des095

Og gjeterne på markene,
de fikk se en stjerne klar.
De hørte kor av himmels lyd
som dette bud til dem bar.

Lytt til englers glade sang,
hør hva de har å si:
Frelse til hvert menneske kom han for å gi!
Hør basuners klare klang:
Kristus har satt oss fri!
Frelse til hvert menneske kom han for å gi!

Eg stod på kjøkkenet her eine dagen og oppdaga plutseleg at gjetarane eg hadde plassert på peisen stod så andektige og stille og såg på den store stjerna. Akkurat som i songen! :)

Safranbakst

13des091

I år vart det lussekattebakst i siste liten, og deiga vart sett etter søndagsfrukosten.

13des092

No ser vi Skomakergata på DVD medan deiga hevar. Etterpå skal det formast lussekattar av hjartans lyst! :)

fredag, desember 11, 2009

Julevandring…

11des091

Dei er i rute i år òg! Tre kongar har dukka opp lengs aust i huset vårt, og dei skal nok finne fram til stallen i tide! Julekrybbefigurane våre laga vi i fjor, og det var så kjekt å finne dei fram att frå kassene med julepynt! Enno står stallen tom, Josef, Maria og Jesusbarnet skal ikkje på plass før julaftan.

11des092

Badet har også fått litt førjulspynt, Mr Poirot har fått selskap av ein svibel. Og for den som måtte lure på kva mesterdetektiven gjer på badet vårt, kan eg fortelje er han der fordi eg synest stilen på badet vårt minner litt om interiørstilen i nokre av husa i Poirot-filmane. Eg trur nok Mr Poirot ville trivst der inne. I alle fall når der er ryddig! Og når der er rotete, kikar han litt strengt på oss inne frå bilderamma si! ;)

God helg!

tysdag, desember 08, 2009

Smygande

7des095

Eg likar å la bittelitt pynt kome smygande inn i stova vår utover i desember. Det er ikkje snakk om julepynting som sådan, men berre ein liten smak av det som skal kome. Adventsstjerna er sjølvsagt på plass, og den kastar fine skuggar på veggen vår når sola er på visitt.

7des093

I går syntest eg også at det kunne vere på tide å ta ned påskeegga frå toppen av TV-skapet (*knis*) og la hjarte og fuglar få ta over.

7des094

For litt ny julepynt har eg kjøpt i år òg. :)

Strikk, strikk…

8des091

Klart Minsten må få julestrømpe han òg! I fjor kava eg ikkje med det, og strengt tatt hadde han hadde vel ikkje sakna det dersom han ikkje fekk i år heller, men eg synest det kan vere koseleg at han har ei likevel. Så no har eg kjøpt garn og strikkar i veg medan desembersola skin inn gjennom vindauget til meg. Skikkeleg førjulskos! :)

søndag, desember 06, 2009

Pynt

6des091

I går stod eg i ein butikk smekkfull av fine interiørartiklar og vog ein pakke med fin – og litt for dyr – julepynt i handa. Det er lett å la seg rive med og la kronene rulle når vakker julemusikk strøymer ut frå høgtalarane i butikken, men akkurat då let eg fornuften sigre og gjekk ut av butikken utan å kjøpe. At det kan vere kjekt å kjøpe fine ting til hus og heim skal eg vere den første til å innrømme, men jammen smakar det av og til godt å kunne la vere også!

6des092

Og faktisk trur eg ikkje butikkjulepynten eg heldt i handa ville gjort meg meir lukkeleg enn pynten vi laga her heime no i kveld; snøkrystallar i silkepapir, nesten gratis! Og skulle eg få lyst på meir av denne pynten, er ungane klare til å hjelpe til med saks og god arbeidslyst – når som helst!

onsdag, desember 02, 2009

Adventspose

1des092

Eg fortalde her eine dagen at eg ikkje fann att adventskalenderposen vår. I farta finn eg ikkje bilete av den heller, men vi har hatt eit system der eg legg kalenderpakke i posen kvelden før. Den store fordelen med dette er at eg ikkje treng å vere ferdig med alle kalenderpakkane før 1. desember, hehe! ;) Det var litt trist at den gamle posen var fordufta, men eg håpar den dukkar opp att ein eller annan gong.

1des093

Men adventspose måtte vi ha, så eg sette meg til symaskina og laga ein ny. Denne fekk litt meir fargar enn den gamle, men teksten er den same på begge posane, nemleg ei linje frå adventssongen vår; “Vi ventar på at kongen vår skal fødast i ein stall”. Teksten stempla eg på med lilla stempelfarge, og eit band eg fann i ein bruktbutikk ein gong rammar teksten inn.

1des091

Kalenderposen heng i stova vår, i eit hjørne som eg har forandra litt på. Vi har hatt det gamle sjukehusbordet vårt ståande her, men akkurat no har vi meir behov for eit lite arbeidsbord til Minsten. Dermed er sjukehusbordet på ferie på arbeidsrommet mitt så lenge.

30nov093

Og ute ligg snøen enno, sjølv om temperaturen gjer sitt beste for å smelte han vekk. Stemningsfullt er det uansett. :)

tysdag, desember 01, 2009

Vil berre…

30nov091

30nov092

…ynskje deg ei god adventstid! :)