søndag, november 29, 2009

Musikk for ventetida

29nov091

Det er første søndag i advent, og vi vakna til vinter! Fantastisk koseleg å ete frukost i tussmørke medan snøfillene dansa utfor vindauget! 

29nov093

For nokre dagar sidan fekk eg ei musikkanbefaling av Lill Therese, ho tipsa meg om juleplata til Helene Bøksle. Den har eg høyrt på i formiddag, og eg anbefalar den gjerne vidare! Eg kjem heilt sikkert til å spele denne mykje i ventetida fram mot jul. Særleg songen “Mitt land”, som handlar om han vi ventar på – han som ventar på oss!

29nov094

Jeg ser dine daler og himlen så vid,
jeg minnes de ragende fjeller
med lekende fosser, en skjønnhet så fri
og roen i vindstille kvelder.

Du er den sangen som synger i meg,
den tonen som aldri dør hen.
Du er mitt land, aldri glemmer jeg deg
kan høre du kaller meg hjem igjen.

I tider når avstanden synes for lang
til landet med blomstrende enger,
da bærer vi håpet,  får kraft i din sang
du lever i hjertene lenge.

Du er den sangen som synger i meg,
den tonen som aldri dør hen.
Du er mitt land, aldri glemmer jeg deg
kan høre du kaller meg hjem igjen.

En dag vil jeg komme, på ny skal jeg se
din himmel og herlige daler.
Når du bryr deg om meg får hjertet mitt fred
all evighet i dine saler!

Du er den sangen som synger i meg,
den tonen som aldri dør hen.
Du er mitt land, aldri glemmer jeg deg
kan høre du kaller meg hjem igjen.

(“Mitt land”)

laurdag, november 28, 2009

Like før!

28nov091

I morgon tenner vi det første lyset i adventsstaken vår, og eg er heilt klar! Adventsstjerna er hengt opp, lilla kubbelys er på plass på bordet, og kalendergåvene er ferdige til 1. desember. Eg har berre eit problem: eg finn ikkje adventsposen som vi brukar å legge kalenderpakkane i! Men det skal vel bli ei råd. I verste fall får eg sy ein ny. Eg har heldigvis eit par dagar på meg enno.

onsdag, november 25, 2009

Forventning

25nov091

Desember kjem nærare for kvar dag. Plutseleg er det mindre enn ein månad til julaftan! Heldigvis er mange av julegåvene handla inn, og eg håper vi kan få ei koseleg adventstid utan det heilt store julestresset. Gler meg til pepperkakebakst og til å smake på gløggen, til å finne fram adventsstaken og pakke julegåvene fint inn…

25nov092

Og så gler eg meg til å sjå årets første sviblar blomstre. Eg vart ubeskriveleg glad i fjor, då eg oppdaga at det eg hadde mistenkt for å vere allergi mot sviblar ikkje var det likevel. Dermed kan eg nyte syn og duft av desse nydelege blomstrane igjen.

25nov093

Medan eg ventar, strikkar eg. Bakgrunnsmusikken min er (…i år også…) Mosaic si juleplate. Dersom du brukar spotify kan du høyre den her.

(Og dersom du ikkje brukar spotify må eg fortelje deg at det er ei fantastisk oppfinning! CD’ane våre er parkert for godt, for det aller meste er tilgjengeleg på spotify – gratis (med reklame…eller for ein hundrings i månaden utan reklame) og heilt lovleg!)

tysdag, november 24, 2009

Glitrande

24nov091

Visst kan november glitre, sjølv om det er vått og grått ute! Det glitra i alle fall på greinene til den japanske lønna i hagen vår i formiddag. Er det ikkje vakkert?

Dette biletet får vere ei helsing til Sigrid, då eg reknar med ho ikkje hadde anledning til å kome seg ut og sjå himmelen spegle seg i vassdråpane i dag. Håper du snart vert bra att! :)

måndag, november 23, 2009

Fargekombinasjon

23nov093

Eg tok fram fotoapparatet for å ta eit par bilete i dag, og hekta meg opp i denne fargekombinasjonen: saftiggrøn og knallrosa.

23nov092

Handlenetthankane ligg på spisebordet, klare til å bli forflytta til strykebrettet. Dette er skikkeleg augesnop, heilt utan kaloriar! Svært sunt!

23nov091

På kjøkkenbenken låg denne vesle raringen, også han grøn og rosa. Eg fekk lyst til å bruke han som mal for eit lite broderi. Kanskje eit romjulsprosjekt?

God måndag!

fredag, november 20, 2009

“En elefant kom masjerende…”

20nov091

Eller tuslande i morgonmørket, om du vil.

Av og til vert leiker og ting heilt tilfeldig plassert på stader der dei rett og slett tek seg nokså godt ut. Det var tilfellet med denne elefanten. Han stod rett nok med bakenden ut mot stova, men eg svinga litt på han, og så vart han eit nytt blikkfang på pianoet.

Trur eg har sagt det før…det skal ikkje alltid så mykje til! :)

PS! No ligg det to nye presskannevarmarar i butikken min på Epla. Julegåvetips? :)

torsdag, november 19, 2009

Så…

19nov091

…vart det gråvér og regn att. Det er novemberskumt i stova sjølv om det snart er midt på dag, og lampane får stå på.

Heldigvis er det mandarinar i kjøleskapet…

19nov092

…og stearinlys på bordet.

Og vi har hatt sol i vekesvis no, så eg klagar ikkje. ;)

søndag, november 15, 2009

Søndag morgon…

15nov091

Eg startar søndagen med tende lys og eit dykk inn i julebøkene mine (t.d denne, denne og denne). Eg gler meg til jul! (…og no må det vel lov å seie det høgt!)

fredag, november 13, 2009

Flyttesjau

pung10a

Du har kanskje lagt merke til at det er litt tomt i Buda mi om dagen? Grunnen til det er at eg flyttar tinga eg har for salg til epla.no. Epla er ein norsk nettstad der den som vil kan åpne butikk og selgje handlaga produkt, tilsvarande utanslandske Etsy. Epla åpnar måndag, og då er eg på plass med varer i butikken min. Velkomen innom!

Link direkte til butikken  min finn du i høgre marg eller her.

tysdag, november 10, 2009

365!!!

364 365

Så fort går eit år, folkens! Eg har nettopp lagt ut det siste biletet i 365-prosjektet mitt, der målet var å ta eit bilete kvar dag i eit år. Eg oppdaga at det må ha lurt seg inn ein feil ein eller annan stad, for eigentleg skulle eg visst ha vore ferdig i går, men eg ser gjennom fingrane med det og kallar prosjektet godkjent! :)

365 365

Det aller siste biletet eg tok i denne serien, er av ein nyprodusert handlepose som snart kjem for salg. Eg har sydd ein del handleposar siste året, så eg synest jammen det passar bra å avslutte med nettopp dette biletet.

Det har vore fint å ha litt press på seg med med hensyn til fotograferinga, og eg trur nok eg har lært ein god del dette året. Eg har i alle fall ikkje blitt mindre glad i å ta bilete! Så sjølv om eg er ferdig med prosjektet mitt, har eg absolutt ikkje planar om å parkere kameraet! Og tida får vise om det vil bli fleire slike prosjekt på meg etterkvart.

For spesielt interesserte kan eg informere om at serien kan sjåast i sin samanheng her. :)

søndag, november 08, 2009

Nåleputer i Buda mi

nålepute2c

nålepute6a

nålepute3a

nålepute4a

nålepute5a

nålepute1a

No er der nåleputer å få kjøpt i Buda mi. Løp og kjøp! :)

Dersom du synest…

363 365

…at du høyrde noko nettopp, så var det antakeleg berre eg som slapp ut eit lukkeleg lite sukk. Eg vart nemleg åleine heime ei lita stund no i ettermiddag, og det vart så stilt og fredeleg i huset. Sukk! :)

Det store spørsmålet når ein får ei slik stund for seg sjølv er sjølvsagt kva eg skal prioritere. Husarbeid? (Absolutt utelukka!) Strikke? Sy? Lese? Gå ein tur? Eg starta i alle fall med kaffi og litt nettsurfing, så får vi sjå kva eg har mest lyst til etterpå. Og når resten av gjengen kjem att skal ungane pynte farsdagsbløtkake til pappa etter alle kunstens reglar!

Ha ein strålande søndags ettermiddag…

fredag, november 06, 2009

Utsikt

361 365

Fint å ha utsikt til heile verda, her eg sit i sofakroken ein fredag kveld. Rart å tenkje på at eg sit her i det koselege huset vårt, i eit kaldt lite land langt mot nord, snurrande rundt på ein ball i det store, mørke verdsrommet.

6nov091

Godt å tenkje på at han som skapte denne kloden –  og rommet den svevar i – også skapte meg, og at han bryr seg om meg og er hos meg, kvar dag.

“Han har den heile, vide verda i si hand.” Han har meg i si hand. Det takkar eg for!

onsdag, november 04, 2009

Rosa november

359 365

November er ikkje berre grå, nemleg! No tyner eg siste rest ut av rosesesongen. Eg gir meg ikkje før rosebuskene gir seg, og det er ikkje over enno! Fortsatt står det knoppar på både New Dawn, Heritage og Mary Rose i hagen vår.

4nov091

Rosene på kjøkkenbordet er derimot ikkje frå hagen, desse fekk eg av mannen forrige veke.

357 365

Roser, tende lys og ein kopp kakao er slett ingen dum kombinasjon. Berre prøv! :)

tysdag, november 03, 2009

Jah…

358 365

Arbeidet med nåleputene eg lagar for salg går unna, litt etter litt, innimellom alt anna som står på programmet. Ein fin liten stabel veks fram, og eg nikkar fornøgd til meg sjølv når eg passerer dei der dei ligg oppå peisen vår. Desse kosar eg meg verkeleg med å lage! Dei vert lagt ut for salg når eg har laga eit par stykker til.

No skal eg sige ned i sofaen med broderiet mitt og la tv’en surre i bakgrunnen. Ha ein fin kveld! :)

søndag, november 01, 2009

Berre eg

356 365

1nov091

1nov092

1nov093

1nov094

Det gjorde godt å putte kameraet i lomma og rusle ein tur i skogen åleine. Det er kjekt å ha selskap på tur òg, men i dag var dei andre opptatt på anna vis, og eg fekk strekke litt på ein sliten rygg over tuer og stein – utan ungar. Mild vind, tørt lauv under føtene, lyden av ein hakkespett – søndagsfred. Angrar berre på at eg ikkje hadde med kaffikopp og termos. Men kaffien får eg ta att innandørs. God søndag!