Lett tilgjengeleg
Det ligg oftast ein stabel med diverse utstyr for avkobling på stovebordet vårt. For tida eit strikketøy og litt lesestoff. Kathrin lurte på kva for ei bok det var som låg på bordet i går, og det var denne. Ei nydeleg bok å drøyme seg vekk i! Strikketøyet mitt er også innan rekkjevidde. Hugsar de at eg starta friskt på ein Vossegenser for eit par månader sidan? Vossegenseren er no ein saga blott. Det vart rett og slett for mykje mønster å konsentrere seg om med ein eittåring i huset, og eg rekte arbeidet opp att og begynte på nytt med Fanamønster i staden. Det går ikkje så fort med strikkinga no heller, men eg vert i alle fall ikkje stadig frustrert over å ha strikka feil, og så er det glimrande TV-strikk (passar bra når eg skal sjå “Drømmedesign”)! Vossemønsteret får eg spare til eg får tid og stunder til å telje maskar og studere mønsterrapportar. :)






































