
Eg vert stadig imponert over kor takknemlege enkelte vekster kan vere. Her eine dagen var det eine epletreet vårt som fekk eit skryteinnlegg i bloggen av den grunn, i dag må eg legge inn eit par bilete av roser frå hagen vår no i slutten av september. Her har dei stått - i søkkvåt jord, (lite gjødsel her òg...) regn, hagl og vind - i vekesvis - og enda takkar dei oss med knoppar som foldar seg ut til dei vakraste, duftande blomstrar, til glede for oss som går forbi. Kanskje har vi noko å lære av plantene i hagen vår? :)

Den øvste rosa er Louise Odier, nummer to er Heritage.

Så fekk eg spørsmål om eg likar boka eg skreiv om i forrige innlegg; "Handmade home", og eg må seie at eg synest ho er inspirerande. Det er ikkje alle prosjekta som treff meg heilt, men nokre av dei har eg lyst til å prøve meg på. Eit av prosjekta har eg alt laga, nemleg ei hue til meg sjølv, sydd av ein krympa ullgenser. Raskt, smart og stilig! Noko av det eg likar best med boka, er at Amanda har skrive koselege tekstar innimellom prosjekta, og ho gir gode råd når ein vil handle brukte tekstilar og utstyr til kreative prosjekt. Så alt i alt synest eg absolutt boka er verd sine 132 kroner på Capris. ;)












































