søndag, august 30, 2009

Innesysler


Handarbeid høyrer hausten til. Ja, eg putlar gjerne med handarbeid resten av året også, men om hausten er det ekstra koseleg å sitje i sofaen med mjukt garn mellom hendene. Enda meir koseleg vert det når Vesla kjem med broderiet sitt og vil sitje saman med meg.

Strikkearbeidet mitt er forresten ein genser i Vossamønster til Storebror. Eg synest dette mønsteret er utruleg fint, så det spørst om eg kanskje må strikke meg ei kofte i det same mønsteret. :)

torsdag, august 27, 2009

Og om lidt er kaffen klar...


God fredag!
I buda mi...



Eg har rydda litt i buda mi og lagt inn nokre nye varer! Ta gjerne turen innom! :)

onsdag, august 26, 2009

Kjøkkentavle

Så vart det tavle på kjøkkendøra vår òg! I sommar mala vi innsida av dørene på barneromma med tavlemaling, og resultatet vart kjempefint. Men så var det det, då, at ungane gjerne vil vere der vi er, og dermed har desse tavlene ikkje blitt kjempemykje brukt, akkurat. Og for å vere heilt ærleg var eg litt misunneleg på ungane sine tavler, så eg bestemte meg for å male kjøkkendøra med det som var att av malinga.

I dag kom døra på plass, og eg er SÅ fornøgd! Det tek seg jammen ganske bra ut med den svarte tavla mot alt det kvite på kjøkkenet! Og så er det no så kjekt å teikne med kritt! :)

Ha ein god onsdagskveld.

tysdag, august 25, 2009

An apple a day...

I formiddag hang dei på treet i hagen vår. No ligg dei i ei korg på kjøkkenet og ventar på å verte eplemos.

Kanskje endar dei til slutt opp som "tilslørte bondepiker"?

Sorten er forøvrig "Quinte", og dei smakar friskt og syrleg. Nam!

laurdag, august 22, 2009

Ah...


Her om dagen utvida eg hylleseksjonen på arbeidsrommet med ein ekstra del, slik at eg fekk litt betre plass til stoffa mine. Ommøblering fører gjerne vasking og rydding med seg, så no smiler Hercule Poirot fornøgd og anerkjennande til meg oppe frå plassen sin på veggen. ;)

måndag, august 17, 2009

Fargerikt under føtene

Endeleg fekk eg starta på badematte nr. 2, alt som gjenstår er berre å sy ein frottéhanduk på baksida. Det første eksemplaret har vore flittig i bruk sidan badet vårt vart ferdig, og eg synest det er eit supersmart alternativ til tradisjonelle badematter. No får matte nr. 2 litt andre fargar enn den første slik at vi raskt får litt forandring på badet. *tryll, tryll*

søndag, august 16, 2009

Kreativitet

Kreativitet er ein eigenskap eg ofte ser i full blomst når eg på surferunde i favorittbloggane mine. Eg ser også stor kreativitet i barna våre, og eg sjølv gler meg når eg kan vere kreativ og skape noko nytt, noko eg kan setje mitt eige "stempel" på.

Når vi menneske har evne til å vere kreative, så er det fordi vi er skapt i Guds bilete. Eg forundrar meg stadig over kor fantastisk skaparverket er. Berre sjå på dette insektet eg fann på loftsgolvet i går ettermiddag! Berre 1 cm lang, men i skimrande regnbogefargar som omtrent tok pusten frå meg! Eg trur Gud storkosa seg med å skape verda og gjere ho vakker, og eg trur han frydar seg når vi brukar kreativiteten vår til å skape noko godt.

Takk, Gud, for kreativiteten!

torsdag, august 13, 2009

Det regnar kattar og hundar...

Eg er imponert over vassmengdene som har spruta ned på landjorda i dag! Det har vore skumt inne, og lampane har stått på i stova vår heile dagen. Strikketøyet ligg i sofaen og slik at eg kan kaste meg ned og strikke ein omgang eller to når ungane plutseleg er opptekne med fredeleg leik. Herleg!

Og for den som måtte lure...golvet bak sofaen er strødd med legoklossar og småbilar, det gjeld berre å vere taktisk med val av vinkel når ein fotograferar! ;)

onsdag, august 12, 2009

Regntung morgon

Eg sit med kaffikoppen min og sorterar i bildemappene på datamaskina mi. Innimellom familiebileta fann eg desse rosene frå tidlegare i sommar. Det kan kanskje vere kjekt å ha noko vakkert å feste blikket på ein regntung seinsommardag, så med desse vil eg ynskje dykk ein god onsdag! :)

søndag, august 09, 2009

Eg kjenner det på lufta...

Sjølv om temperaturen er fin, ungane masar om is og byen fortsatt vrimlar av turistar, ligg det i lufta.

Eit svakt drag av haust. Snart vert lufta skarpare og meir gjennomsiktig, lukt av mold og mose vert tydelegare.

Vi skal krype inn i lune ullklede og gå inn i favorittårstida mi knaskande på passe syrlegsøte Aroma-eple.


Eg er heilt klar når hausten bankar på døra!

torsdag, august 06, 2009

I bloggbuda mi...





...ligg det no ei ladning glade handleposar og ventar på å få nye eigarar! Ta gjerne turen innom og sjå om du finn ein (eller to...) du likar! :)
Jippi!

Her er den splitter nye symaskina mi! :) Eg har lenge hatt store problem med den gamle maskina, og til slutt innsåg at den berre måtte parkerast. Etter å ha tenkt meg litt om, og etter å ha prøvd ei veninne si maskin, bestemte eg meg for at eg ville satse på Janome Easy Jeans, som skal vere ein skikkeleg arbeidshest. Og husbonden plukka opp signala, og bestilte denne til meg som gebursdags- og julepresang litt på forskudd. :) Maskina kom i går, og den er berre knallgod å sy på. Og så høyrest den ut som ein malande kattunge, og ikkje som eit torevér, slik den gamle gjorde. Herleg! Tusen takk, kjære husbond! :)