Då er eg klar for ein aldri så liten "før og etter"-reportasje frå badet vårt. Vi har enno nokre små detaljar igjen, som maling av taklister og dør og montering av knaggar og anna småtteri, men vi har tatt badet i bruk og reknar oss stort sett som ferdige! Hurra!!! Må presisere at vi har fått god hjelp til renoveringa av badet vårt. Vi hyra ein flink svoger til å gjere det aller meste og er så fornøgde med at vi gjorde det på det viset!
Einkvar "før og etter"-reportasje må sjølvsagt presentere eit par triste bilete først. Versågod:
Desse bileta tok eg då vi nettopp hadde kjøpt huset vårt for drøye fem år sidan, og slik har badet vårt vore heilt til no. Stusseleg. Badet bestod av to knøtsmå rom med ei skyvedør mellom. Badekar, vask og baderomsinnredning var pressa inn på det eine rommet, og det andre rommet hadde toalett og (for sikkerheits skuld) enno ein vask.
Ikkje akkurat eit syn å verte glad av når ein står opp om morgonen. Men no, derimot:
TA-DAAA! Dette må vi vel kunne kalle forbetring, eller kva??? Vi har slått saman dei to små romma, og sjølv om vi framleis ikkje har noko kjempestort bad, kjennest det utruleg mykje større og luftigare ut. Vi har sett inn eit nytt, koseleg vindauge, og bytta ut badekaret med ein dusj. (Dusjen manglar enno ein enkel glasvegg med skyvedørsprinsipp som skal gå frå vegg til vegg.) I staden for overskap har vi satsa på romslege skap under vasken, og på veggen tvert imot skal vi ha knaggar og ei hylle med korger til oppbevaring.
Som de ser har vi enno ikkje fått fjerna den overflødige silikonen frå kanten rundt vasken. Dette må tørke til i morgon, men eg hadde litt hastverk med å få tatt bileta mine. :)
Eg er berre så utruleg fornøgd med dette rommet! Eg sa til husbonden at eg helst berre ville ta med meg strikketøyet mitt inn på badet og campe der. *knis*
Og då passar det vel kanskje å avslutte med "ha det på badet"!




























