


Eg er på veg ut i sola for å dekkje frukostbordet på uteplassen, og er berre innom bloggen ein snartur for å ynskje deg ein herleg sommardag! Nyt den! :)
Dersom eg skal oppsummere den nye boka eg fekk i posten i går i eit ord, må det bli: FANTASTISK! Dette er definitivt den absolutt finaste hageboka eg har sett. Utan tvil! Forfattarane av "Indret ude" er Julia Mincarelli og Birgitta Wolfgang Drejer. Kvar einste side i boka er full av "godis". Store, flotte bilete av nydelege, passeleg gjengrodde, romantiske hagar med vakre roser og gamaldagse stauder og vakre sitteplassar. Og boka er tung og tjukk og innbyr til mange stunder med nasen mellom boksidene og kaffikoppen innan rekkevidde. Mmm...
Oppussingsprosjekt har ein tendens til å balle på seg. Vi skifta alle rør i huset denne veka, og då passa plutseleg ikkje det gamle kjøkkenarmaturet vårt til røra lengre. Altså måtte vi skifte armatur. Men det gamle armaturet var delvis heimelaga for å kunne nå fram til begge vaskane, som ligg litt langt frå kvarandre, så eit nytt armatur ville ikkje passe til benkeplata vår. Altså trudde vi at vi måtte skifte ut heile benkeplata. Og dagens benkeplater passar ikkje til våre skapskrog, så ei stund frykta vi at heile benken måtte skiftast!
Løysinga vart heldigvis mykje enklare. Vi fekk laga to nye hol i plata slik at vi kunne bruke to kranar, ein til oppvaskkummen og ein til utslagsvasken. Dei gamle hola skal vi tette att med sølvfarga propper. Eg synest den nye løysinga vart både praktisk og fin. Føler nesten at vi har fått nytt kjøkken! :)
Det har vore ei hektisk veke her i huset vårt. Eg og ungane har budd hos foreldra mine for å sleppe å vere midt i kaoset då det gamle badet skulle rivast. Men vi kunne sjølvsagt ikkje la vere å kome innom minst ein gong om dagen for å sjå på framgangen. Og her gjekk det unna!
Alt det gamle måtte ut, og vi vart positivt overraska over at det viste seg å vere minimalt med råte i treverket. Badet vårt var i utgangspunktet delt i to små rom. Eit med toalett og vask, og eit med vask og badekar. No er skiljeveggen borte, slik at det heile vert litt meir romsleg.
Og no er det elektriske klart, vi har fått nye rør, plater på veggane, golvet (med varmekablar) er støypt, og toalettet er midlertidig sett på plass. Dette nokså primitive badet må vi klare oss med i tre veker, til golvet har fått tørke skikkeleg, slik at det kan flisleggast. Å, så fint det skal bli! Eg gler meg! :D
Her i garden er det ting på gang! I morgon startar vi på renoveringa av det stygge, gamle badet vårt! Eg og ungane rømer huset til det gamle er rive ut, slik at vi slepp å bekymre oss for oppvirvling av muggsopp og denslags svineri. I dag har vi hatt det travelt med pakking og førebuing til rivinga, så eg har ikkje mykje tid til fornøyelser. Men eit kjapt lite saumprosjekt klarte eg å få klemt inn:
Eit etui i glade fargar til den nye mobilen min. :)
I går kveld let eg mann og barn vere att heime medan eg sette meg på sykkelen min og trilla til sommaravslutning i kvinneforeninga vår. Så herleg det er å få ei pause saman med trivelege jenter, la skravla gå, ete god mat og få eit Gudsord å "tygge" på!
Etterpå var det like friskt og godt å sykle heimatt i duskregn og snuse inn herlege sommardufter. Vått gras, eit streif av salt sjølukt heilt opp til hovudvegen og røyk av vedfyring enda det er juni.
Neida, vi er altså ferdige med påska for i år, men eg har berre ikkje hatt hjarte til å pakke vekk greiene med egga vi malte til påske. Dei har så fine pastellfargar - og er kanskje litt sommarslege? Dei gjer meg i alle fall glad, og det synest eg er grunn god nok til å la dei vere ei stund til! ;)
...kan gjere stor forskjell! I alle fall synest eg det lysna i stova vår då eg brukte ein skvett maling som var til overs frå eit tidlegare malingsprosjekt og fór over tv-skapet vårt med malekosten. For eit par år sidan fekk det eit kjapt malingsstrøk med ei fille, men no var eg klar for å få malt det skikkeleg.
Det einaste som bekymrar meg er at det ser ut som om eit eller anna har trekt gjennom malinga slik at det alt har vorte litt gulskjolda her og der. Men dersom det ikkje vert verre enn det er no, lar eg det passere, så eg kryssar fingrane for det...!
Ha ein god tysdagskveld! :)




