tysdag, april 28, 2009

Laurdagshandel

Ein handletur med tre ungar på slep kan vere ei utfordring! Når alle er slitne i føtene etter løypa gjennom klesbutikkar og bokhandlar for å finne klede og gåver til konfirmasjon, og nokon er tørste, nokon vil ha is og atter andre vil ha morsmelk med ein einaste gong, kan det jammen tære på kreftene. Og tålmodet! Då gjeld det å finne lyspunkt. Som at sola skin og sporven kvitrar på parkeringsplassen. Og at det kan vere koseleg å ta ein is utfor bilen i det fine vèret. (Ikkje kvar gong, vel å merke!) Og ikkje minst; at handlevogna er full av heimesydde handleposar i staden for grelle plastposar. :)

A trip to the shopping center with three kids can be a challenge. When everybody are tired of walking through the shops, and some of us are thirsty, someone wants ice cream and someone needs breastfeeding immediately, you have to be patient! It helps trying to notice good things. Such as the sunshine and the sound of sparrows on the parking lot. And that it can be quite nice to eat an ice cream outside the car in the nice weather. And not the least: that the shopping trolley is full of homemade shopping bags instead of ugly plastic bags. :)

Det er også fint å tenkje på at eg har eit brett med fiolar og ein ny pelargonium i bagasjerommet. Og kugjødselkomposten skal verte mat til rosebuskene våre, slik at eg kan fryde meg over bugnande rosebukettar utover sommaren.

I am also excited about the violas and a new pelargonium in the car. And the compost is going to feed our rose bushes so that we can enjoy the beautiful roses all summer.

Når isen er fortært og Minsten har fått mat, pustar vi letta ut og vender nasen heimover att. Vi greide det denne gongen òg!

When the ice cream is eaten and our baby is fed, we let out a sigh of relief and return to our home. We made it!

torsdag, april 23, 2009

Ahhh...

Er det ikkje godt at det er vår? I dag hadde eg og Vesla lunsj i sola ute i hagen. Brødskiver med tomat og agurk gjekk ned på høgkant, maten smakar SÅ godt når ein er ute!

I love this time of year! Today I and our daughter had lunch in the sunshine in our garden. We ate bread with tomatos and cucumber, and the food tastes SO good when it is eaten outside!

Det spirer og gror både ute og inne. I eine vinduskarmen i stova står to zinkpotter med babyplanter i. Eg gjorde nemleg ein byttehandel med eigaren av bloggen Livs Lyst. Ho fekk ei lita overrasking av meg, og eg fekk avleggar av Misjonærplanten hennar. Som du ser har det gått kjempefint med avleggarane, Liv, tusen hjarteleg takk ein gong til! :)

In my window a couple of baby plants are growing. I made a swap with the owner of the blog Livs Lyst. She got a little surprise from me, and I got the Missionary plant from her. Tank you so much, Liv! :)

tysdag, april 21, 2009

Sitron!

For nokre dagar sidan var eg innom bloggen til Tove, og fekk frykteleg lyst til å bake sitronkake!

A few days ago I visited Tove's blog. She had baked a delicious lemon cake, and I felt the urge to bake one too!

Eg plukka med meg sitronar frå butikken på laurdag, og på søndag, etter at vi hadde vore på formiddagsmøte i forsamlinga vår, sette eg igong med rasping av sitronskal.

I bought lemons on Saturday, and on Sunday after church, I started grating the lemon peel.

Friskare duft enn sitronduft skal en leite lenge etter...

Lemon smells so fresh...

Og kaka smakte fortreffeleg! Takk for inspirasjonen, Tove! Dersom du òg vil bake sitronkake, finn du oppskrifta hos Hanna.

And the cake was really delicious!

søndag, april 12, 2009

1. påskedag

Vi har så langt hatt ei roleg påske, med små utflukter og mykje kos her heime. Fin temperatur gjer at vi nesten har hatt sommarfølelse dei siste dagane, og ungane nyt å kunne springe inn og ut utan å tenke så mykje på påkledning. Ei lett jakke er nok! :)

So far our Easter holidays have been relaxing and wonderful. The temperature outside is higher, and suddenly it almost feels like summer. The kid's enjoy running in and out without having to worry too much about extra layers of clothes. A light jacket is enough!

1. påskedag brukar vi å lage ekstra god frukost/lunsj her hos oss. Vi lagar herlege solbrød og sommarfuglbrød med godt pålegg.

On Easter Sunday we use to have a nice breakfast/lunch with tasty sunbread and butterfly bread.

Idéen til desse brøda har eg funne i boka "En kurv til min datter".

Det passar det ekstra godt med glade fargar på bordet 1. påskedag, vi feirar jo faktisk at Jesus vann over døden og stod opp att! :D

I like the cheerful colours at our Easter table. Today we are celebrating that Jesus conquered death and rose from the grave! :D

Vi hadde også nye serviettar på bordet vårt. I går hadde eg nemleg ei lita økt ved symaskina, etter å ha vore innom bloggen til Lisa Clarke og vorte inspirert til å lage tøyserviettar til kvardagsbruk. Vi har ein del kvite tøyserviettar som vert brukt til best, men desse nye er sydd av mønstra stoff, slik at det ikkje er så nøye om ein ketchupflekk ikkje går av i vask.

We also had new cloth napkins at our table. Yesterday I was visiting Lisa Clarke's blog, and was inspired to make some napkins for everyday use. We have some white cloth napkins, but the new ones are made of patterned fabric. Then it doesn't matter much if a ketchup stain doesn't wash off.

Eg fekk brukt ein del restestoff då eg sydde desse serviettane, skal seie det gir godt samvit! No må eg berre lage litt fleire, slik at vi har ein del å ta av. Eg skal også lage nokre klutar til kjøkkenet, til vask av skitne barnetrutar og fingrar.

I used several scraps of fabric when making these, and that feels so good! Now I just have to make some more. I'll also make some wash cloths for the kitchen, for dirty hands and faces.


Etter lunsjen vår vart ungane litt rastlause, og eg kom på at vi skulle prøve å lage ei artig leike eg hadde sett på nettet (igjen via Lisa Clarke). Ei plastflaske, ein sliten vaskeklut, eit strikk og litt Zalo...

After lunch the kids got a little restless, and I started making a fun toy that I had seen here (again via Lisa Clarke). An empty bottle, a worn out wash cloth, a rubber band and some soap...

...meir skal det ikkje til for å halde ungane i aktivitet utandørs ei god stund! Kjempegøy! :)

Fortsatt god påske!

...that was all I needed to keep the kids in activity for quite a while! Super fun! :)

laurdag, april 04, 2009

Takk til GudI år går eg inn i påska med ein ny favorittsalme klingande i hovudet mitt. Salmen vart skriven til Kong Harald sin 70årsdag, og heiter "No stig vår song, vår takk til Gud". Ofte gløymer eg å takke Gud for alle gode gåver han gir meg kvar einaste dag. I dag vil eg takke fordi han har omsorg for meg, og mest av alt fordi han gav son sin for at eg skal få leve evig.

Salmen kan du høyre her, dersom du spolar deg ca 25 min ut i programmet.

No stig vår song, vår takk til Gud
for denne gode verd,
for havets salt, for regn og sol
og himles stjernehær.
Vi takkar deg for storm og frost,
og snø som fell så stilt mot jord.
Vi takkar for den mørke natt,
og vårens tid, for alt som gror.

No stig vår song, vår takk til Gud
for nådens korte tid.
Da skapte du vår vakne sjel
som lid når andre lid!
Ditt tålmod lindrar gamle sår,
men dagleg blir din skapning krenkt.
La rettferd fylle tusen år!
Trøyst våre barn, møt deira lengt!

No stig vår song, vår takk til Gud,
for denne heim, vår jord,
for barnesmil og voggesong og heite kjærleiksord!
Vi takkar for kvar nyfødt dag
da våre sansar opnar seg,
for tankens glans, for hjarteslag
og alle under på vår veg.

No stig vår song, vår takk til Gud
for Han, som er vår fred.
Når Kristus sprenger dødens rom,
fell siste stengsel ned.
Da stig vår song, vår takk til Gud
for spor på strand, for bølgjers slag:
Kom natt, kom søvn, kom morgongry,
kom evig sommars lyse dag.

E. Hoem

I've discovered a new favourite hymn, "No stig vår song, vår takk til Gud". It was written for King Harald's 70th birthday, and it is a "thank you" to God for all his gifts to us. I often forget to thank him for everything he gives to me. Today I want to thank him because he loves me, and because he gave his own son so that I can live forever!

You can listen to this hymn here, if you fast forward about 25 minutes into the program.

fredag, april 03, 2009

April

"Det er kaldt i januar,
snø og is i februar,
mars er heller ikkje mild,
men det lysnar i april..."

Så godt det er å vere over på sommartid! Herleg å sjå solstrålar som lurer seg inn i stova vår tidleg om morgonen!

I love the fact that we now are on daylight saving time! It makes me happy to see the sunlight come into our living room early in the morning!

Desse bileta tok eg i forgårs, men dei kunne like godt vore tatt i dag. Det er skikkeleg vårstemning ute, med mild, disig luft. Eg og fuglane jublar! :) Eg tok Minsten med på ei lita hagevandring etter at vi hadde levert dei to største i barnehage og på skule. Tenk å vere eit lite knøtt på eit halvt år og oppleve sin første vår!

These photos were taken two days ago, but they could just as well have been taken today. The air is mild, the birds are singing and spring is really here! I took our baby on a little tour in our garden this morning. He is 6 months now and is about to see his first spring!

Lysestaken på desse bileta er forresten ny. Eg snubla over den på ein butikk ein dag og vart hoppande glad, for eg synest desse er så fine! Første gong eg såg ein slik var i Liselotte sin blogg, og sidan har ønska meg ein slik. Den gjer seg godt i dagslys, men er sjølvsagt aller finast når det mørknar og ein tenner eit telys i den.

The votive candle holder in these photos is new. I saw one of these in Liselotte's blog some time ago, and have been wanting one since then. A few days ago I stumbled upon this one in a shop, and of course I had to buy it! It is pretty in daylight, but of even more pretty in the evenings with the candle lit in it.

Eg synest eg seier "god helg" stadig vekk her i bloggen, men vekene går jammen fort! Ynskjer dykk ei prima vårhelg, alle saman! :)

It feels like I'm constantly saying "have a nice weekend" here in my blog, but the weeks are really flying! I'm wishing you all a joyful spring weekend! :)

onsdag, april 01, 2009

God og varm

Eg er glad i å strikke, og når eg har ei ledig stund, går gjerne strikkepinnane mine. Men døgnet har berre 24 timar, og eg rekk ikkje alt eg har lyst til. Då eg kom over mønster på Fanakofte i ein litt nettare modell enn den vanlegaste varianten, kom eg på at eg skulle spørje ei tante av meg om ho kunne tenkje seg å strikke til meg. Og det ville ho!

I love knitting, and when I have a spare moment, I often pick up my knitting needles. But the day has a limited amount of hours, and I can't knit everything! When I saw this pattern, that is a traditional Norwegian "Fanakofte" in a bit more feminine version, I asked one of my aunts if she'd like to knit one for me. And she did!

Det er vår, og dagane vert lengre og lysare, men det er nok av småhustrige dagar der det er godt å kunne smyge seg inn i den gode kofta mi. Den er attpåtil strikka i herleg alpakka og er så lett og mjuk som ein kattunge. Eg skal ikkje fryse! :)

It is spring, and the days get lighter and longer, but there are still lots of cold days when it is wonderful wearing this lovely Fanakofte. It is knit in alpaca and is lightweight and soft as a kitten. I'm not going to freeze! :)