torsdag, januar 29, 2009

Oi...

...som tida går! Dagane fyk avgarde, og plutseleg var det gått ei og ei halv veke sidan forrige bloggoppdatering! Men i dag må eg vise dykk den ny-gamle lampen i stova vår. Skjermen er kjøpt på loppemarked.

Time flies! Suddenly I realized that 1 1/2 week had passed since my last blog post! But today I have to show you our new living room lamp. The lamp shade is a flea market find.

Lampefoten er ein enkel Ikea-fot. Den var opprinneleg svart, men eg sende mannen i kjellaren med ei flaske kvit spraymaling, og - vips! Ny lampe! :)

The lamp foot is from Ikea. It was originally black, but I sent my husband down into the basement with a spraycan of white paint, and suddenly we've got a new lamp! :)

måndag, januar 19, 2009

Opp og hopp...

Dei siste åra har eg vore ein del plaga med hovudverk. No kan hovudverk ha mange årsaker, men i mitt tilfelle er eg ganske sikker på at det er manglande styrke i nakke og skuldrar som er problemet. Når eg har det travelt, heisar skuldrane seg, og så har eg det gåande. Etter nyttår i år, bestemte eg meg for at NO må eg gjere noko med det. Dermed grov eg fram eit par treningsvideoar eg har brukt tidlegare, og sette igong med hopp og sprett, knebøy og vekter på stovegolvet. Kvaliteten på sjølve videobandet var skrantande, men innhaldet motiverande og kjekt, så eg bestilte opp att ein av filmane og ein ny film, denne gongen på dvd. Ho som motiverer meg til å løfte baken opp av sofaen er Kari Jaquesson. Og etter berre 2 veker med trening kjenner eg meg faktisk betre! Og det motiverer igjen til å halde fram! Så her kjem dagens oppfordring: kanskje kan du òg klare å smette inn ei lita treningsøkt i dag? Ein tur i skogen, nokre styrkeøvingar på stovegolvet eller noko anna du synest er kjekt? Vi har i all fall inderleg godt av det! :)

The last years I've been bothered with headaches a bit too often. There are many things that can lead to headache, but in my case I'm pretty sure the reason is lack of strenght in my neck and shoulders. When I'm stressed, my shoulders tighten up, and then my head starts aching. A couple of weeks ago, I decided than I had to do something about it immediately. So I pulled out a couple of work out videos by Kari Jaquesson that I' ve used earlier, and started working at our living room floor. And after 2 weeks I can really feel a difference! And that motivates me to continue!

søndag, januar 18, 2009

Mmm...

Det er mykje som duftar godt her i verda, men ei av mine favorittdufter er dufta som smyg seg ut i kjøkkenet når eg åpnar ein ny kaffipose og heller den over i kaffiglaset. Mmm...

There are many lovely scents in this world, but one of my favourite scents is the one that spreads in the kitchen when I open a new bag of coffee and fill it into the empty coffee container. Mmm...

Eg er ikkje så uhyre kresen på kaffien, eg lagar meg både pulverkaffi, trakte- og presskannekaffi, men aller helst espresso frå Bialettien når eg har tid til det. Uansett er det luksus i kvardagen å kunne setje seg ned og kose seg med ein varm kaffikopp.

I'm not very picky when it comes to coffee, I enjoy both instant, coffee from the french press and the coffee maker, or espresso from my Bialetti when I've got time for it. Either way it is everyday luxury sitting down to have a break with a cup of coffee.

På med stearinlysa og god musikk, så skal ikkje eg forlange meir. :)

Light the candles and turn on some good music, and I'll not ask for more. :)

fredag, januar 16, 2009

Fredagsstemning

Ein dag i juleferien stod eg på ein kjøkkenstol og balanserte for å ta nokre bilete av kjøkkenhylla vår, og så gløymde eg å leggje dei ut i bloggen. I dag kom eg plutseleg på dei, og det kan vel passe med nokre rolege stemningsbilete ein fredag i januar òg. Slik håper eg nemleg at mi helg vert: roleg, koseleg og med tid til å tenne lys!

I took these photos of our kitchen shelf at Christmas, but forgot to publish them. Today I suddenly remembered them, and I think they represent a mood I want for the coming weekend: calm, cozy and lots of time for lighting candles!

Ha ei god helg!

Have a nice weekend!

tysdag, januar 13, 2009

På stovebordet...

I går var ungane klare for ei ny runde med brodering. Koseleg å kome inn i stova i dag og sjå fuglen til Storebror liggje på bordet og vente på flinke fingrar som skal sy litt til. Denne gongen teikna storebror mønsteret sjølv. Han teikna fuglen på papir først. Eg teipa teikninga opp på eit vindauge, la ein bit kvitt bomullslerret oppå papiret og teikna av fuglen med tusj som løyser seg opp i vatn.

Arbeidet deira inspirerer meg, eg har også lyst til å brodere...

Yesterday the kids wanted to embroider. I loved coming into our living room today, seeing our son's bird embroidery on the table, waiting for eager hands coming to embrioder a bit more. This time our son drew the pattern himself. He drew it on a piece of paper, and I transferred it onto cotton fabric.

Their work inspire me, now I want to embroider too...

søndag, januar 11, 2009

Forankring

Jula er over, pynten er pakka ned, men jula sin hovudperson er her framleis. Eg takkar for at eg har han i livet mitt!

Jesus sa til henne: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?
Ho seier til han: Ja, Herre! Eg trur at du er Messias, den levande Guds Son, han som skal kome til verda.
Johannes 11, 25-27

Christmas is over, the decorations are packed away, but the person we celebrated is still here. I'm so thankful that he is in my life!

Jesus said to her: "I am the resurrection and the life. He who believes in me will live, even though he dies; and whoever lives and believes in me will never die. Do you believe this?"
"Yes, Lord," she told him, "I believe that you are the Christ, the son of God, who was to come into the world.
John 11, 25-27

laurdag, januar 10, 2009

Dett var dett!

I dag var det dagen for å pakke saman jula her hos oss. Det er alltid litt vemodig å plukke vekk juletreet, synest eg, men så vert det lyst og luftig i stua når det er gjort.

Today we packed away the Christmas decorations. I always think it's a bit sad to throw out the Christmas tree, but the living room feels very light and airy when it's done.

Spinkle, skakke juletre skal visst vere på moten, men dette er kanskje litt i overkant spinkelt? ;)

Med gode hjelparar gjekk arbeidet unna, medan vinden ulte rundt hushjørna utanfor. Det har vore - og er - kraftig vind i dag, og ei av dei koselege lyktene mine ramla ned og knuste i eit vindkast. *snufs* Eg måtte ut og berge i hus resten av pynten så den ikkje skulle takke for seg og reise sin kos. Ellers synest eg det er kjekt med skikkeleg blåst, det er herleg å vere ute og kjenne naturkreftene på kroppen, og koseleg å liggje lunt og godt i senga si og høyre véret dure mot vestveggen.

No skal eg installere meg i sofaen med potetgull og strikketøy og nyte resten av laurdagskvelden!

Our good helpers did a good job. Outside the wind was howling. It has been - and is - strong wind today, and one of my pretty lanterns fell down and broke. I had to hurry outside and carry the other decorations inside to prevent them from flying away. But I quite like it when it blows, I love beeing outside and feel the elements, and to cuddle up in bed and listen to the weather against the western wall of our house.

Now I'm going to install myself in the sofa with chips and some knitting and enjoy the rest of my Saturday evening!

fredag, januar 09, 2009

Nybaka

I dag hadde vi nysteikte rundstykker til frukost, og det på ein fredag! Eg prøvde nemleg noko nytt: kaldheving i kjøleskapet over natta. Eg brukte ei oppskrift frå Ulrika Olsson (skroll ned for oppskrift) sin koselege blogg . Deiga var enkel å sope ihop og trille til rundstykker i går kveld, og så var det berre å setje dei i omnen i dag tidleg. Det vert ikkje siste gongen!

Today we had freshly baked buns for breakfast. I tried something I haven't done before; rising a yeast dough in the fridge over the night. It was really easy and it won't be the last time I do it!

torsdag, januar 08, 2009

Lukkeleg kvardag

I går kveld, då eg hadde lagt meg, vart eg liggjande og filosofere litt meir over dette med kvardagsliv. Plutseleg kom eg på at vi har ei glimrande bok om dette temaet; "Lykkelige Albert Åberg"! Så i dag fann eg og Vesla den fram og las den.

Lately, after a wonderful Christmas holiday, I've been thinking a lot about everyday life and how important it is to notice the small things of joy and beauty in my life. Like a painting by my daughter, lit candles on our lunch table, or the gift of having kids that I can feed a slice of toast on the doorstep after happy play in the snow (previous post). Yesterday night, when I was about to sleep, I suddenly remembered that we have a wonderful children's book about cherishing everyday life; "Lykkelige Albert Åberg" (Albert Åberg is called Alfie Atkins in English). Today our daughter and I read it.

Jula er over hos Albert, og Albert og pappa kjedar seg og lurer på kvifor det ikkje kan vere moro bestandig. Det skulle ha vore julaftan kvar dag, med unntak av ein dag, som skulle vere gebursdag. Farmor er i sving med å rydde ut jula, og ho berre ler av dei to som sit og klagar: "Det er det D-U-M-M-E-S-T-E jeg noensinne har hørt. Da ville man jo aldri få det noe gøy, da! For hvis det var moro bestandig, så kunne man jo ikke vite at det var morsomt! Nei, vær glad for at dere er lei dere! Det kjedelige finnes for at man skal kunne merke forskjellen når det morsomme kommer etterpå."

Albert si farmor er ei klok dame! Ha ein god kvardag, kor du enn er!

Christmas is over, and Albert and his dad are bored, wondering why things aren't fun all the time. Every day should have been Christmas, except one day, that should be birthday. Albert's grandmother is packing away the Christmas decorations, and she laughs of the two that are sitting there complainting: "That is the most stupid thing I've ever heard. Then you would never have any fun! If everything was fun always, you wouldn't know that anyting was fun! Be glad that you are sad! The boring things exist, so that one can notice the difference when something fun happens later."

Albert's grandmother is a wise lady! Have a nice day, wherever you are!

onsdag, januar 07, 2009

Fargerik kvardag

Kaspara skreiv nettopp ein kommentar på det forrige innlegget mitt: "Hverdagene er i det lange løpet de aller beste synes jeg, og det er jo godt siden det er flest av dem. " Og eg er heilt enig! Visst kan eg vere sliten og lei av kvardagen innimellom, men jammen er eg glad for den enkle kvardagen likevel! "Den grå kvardagen", er det noko som heiter, men min heilt vanlege onsdag i dag har vore full av fargar og gode stunder. Dette nydelege bilete som Vesla sat og jobba med i dag tidleg er fullt av fargar, og det fekk i alle fall meg til å smile! Jentene på biletet har stripa kjolar på seg (Vesla har dilla på stripa kjolar, ho har to eksemplar som ho går i konstant!), og i taket heng ei feiande flott diskokule!

Tende lys på bordet gjer formiddagsmaten vår litt festlegare. Det skal ikkje så mykje til!

Og eg gler meg over å kunne rope ungane inn på trappa og servere dei varm toast etter frydefull leik i støen!

No søv dei tre små, og eg kosar meg med kaffi, ei runde i bloggane dykkar og ein prat med ei god veninne via msn. Eg kjenner at eg er priviligert, og at livet er godt!

måndag, januar 05, 2009

Pang!


...så var det slutt på late morgonar med vasing i pysj til langt på dag og alskens gode saker på bordet til både frukost, middag og kvelds. Det er igrunn godt å kome i sving med litt rutiner igjen, men jammen var vi trøytte i dag tidleg! Ikkje var det råd å få lurt seg til ein liten blund saman med Minsten i formiddag heller, han var nemleg i storform og ville prate. Huset var iskaldt i morgontimane, men gode ullklede og fyr i omnen gjorde susen.


Vi får vere fornuftige og parkere litt tidlegare i kveld, så er vi snart på rett spor att.

Ha ei god veke!

torsdag, januar 01, 2009

Eit nytt år

Eg startar det nye året med eit bilete av øyredobbane mine som låg på stovebordet i dag tidleg, etter at eg plukka dei av meg seint på kvelden i går. Vi hadde ein koseleg nyttårsaftan, først med ettermiddagskaffi hos Hemmafrun, og etterpå middag og ein fredeleg kveld heime saman med familien. No nyt vi at mannen enno har nokre fridagar att, batteria er med andre ord fortsatt på lading. :)

Takkar dykk alle for året som gjekk, og ynskjer dykk eit godt nytt år!