tirsdag, oktober 27, 2009

Rykande fersk

351 365

Eg broderte nokre små figurar for ei stund sidan, og i går bestemte eg meg for å bruke eit av dei og lage ei nålepute. Eg har jo den fine nåleputa eg fekk av Kathrin, men har tenkt på at eg skulle hatt eit par eksemplar til, slik at eg ikkje treng å flytte med meg nålene når eg bevegar meg mellom symaskin, arbeidsbord og strykebrett (…og golvet). Dermed vart denne til. Den var kjekk å sy, og så er det så kjekt å få brukt opp små stoffrestar! Det er ikkje utenkeleg at eg lagar nokre til for salg i Buda mi. Følg med, følg med… :)

7 kommentarer:

  1. den var supersøt.

    Hilsen Sol

    SvarSlett
  2. Søt!! Lurt å ha litt nåleputer både her og der...

    SvarSlett
  3. Herleg! -og så har du alltid så fint lys på bileta dine! :) Eg må streve for å rekke dagslyset om dagen..hihi!

    SvarSlett
  4. å, så utrolig søt den var!
    ..håper det kommer noen i buda di, for den fikk jeg lyst på :0)

    moaklem

    SvarSlett
  5. Åhåhå, for en skjønn nålepute! Du er så flink. :)

    SvarSlett