lørdag, oktober 24, 2009

Ny favoritt i stova

Endeleg kom eg meg på loppemarked igjen! Det var lenge sidan sist, og forventningane var ikkje så høge, etter at det har vore langt mellom dei store skattane på dei siste loppemarkeda eg har vore på. Men tenke seg til; i dag fann eg eit par ting eg har hatt på loppishugselista mi (...bak øyret) i årevis! Ein av tinga var globus. Dei globusane eg har sett tidlegare har enten vore for nye, nokre hakk for shabby - eller for dyre. Denne var perfekt. Passe gamal, passe størrelse, passe pris (50 kroner, takk!), og perfekte fargar. No kan vi studere kor slektningane som er på jordomsegling eigentleg er komne, og om vi verkeleg kjem til Kina dersom vi grev eit hol rett ned i jorda. Veldig praktisk. Eg er ein heldiggris! ;)

7 kommentarer:

  1. Stilig og kjekt!
    God helg :-)

    SvarSlett
  2. her i huset har minstemann en globus som han har arvet etter faren sin.
    med på sovjetunionen på og greier;)

    SvarSlett
  3. Jepp,det er du ;-)

    SvarSlett
  4. Flott når eb finn ting en har ønsket seg. Flott læring også.
    Ønsker deg en god søndag :)

    SvarSlett
  5. Fint med globus! Det har jeg også alltid ønsket meg, og det er veldig kjekt å ha når man har barn.
    Takk for hyggelig kommentar på bloggen min:)

    SvarSlett
  6. Så kjekt når du finn ein som er perfekt! :) Og så spennande å sjå kor jordomseglarane er....

    SvarSlett
  7. Åh heldiggrisen, sånn globus har jeg ønsket meg i årevis. Si fra hvis du blir lei av den ;)

    Ønsker deg en fortsatt fin søndag!

    SvarSlett