torsdag, oktober 01, 2009

Fargekick


Eg likar å ha det lyst og " reint" rundt meg her heime, gjerne med små pastellfarga fargeklattar innimellom. Men når eg ser "regnbogar" i ulike former, får eg sug i magen. Eg hugsar  frå eg var lita at ei nabojente hadde eit målarskrin som sikkert hadde 100 fargar i seg. Å, så misunneleg eg var!  Og det å sortere fargeblyantar, perler, knappar eller andre ting sirleg etter farge har  alltid fascinert meg.  Denne veka har eg hatt ein sorteringsjobb av dette slaget. Eg var lei av å hale og dra i trådflokar kvar gong eg skulle brodere,  og kjøpte meg difor eit skrin med plastkort til å sortere broderitråden i.  At eg ikkje har gjort dette før! No er det enkelt å finne den tråden eg leitar etter, og lett å ha oversikt over kva eg må kjøpe meir av. Og sjølve sorteringsarbeidet var så kjekt at eg nesten var lei meg då eg var ferdig, hehe!
 

Minsten har også fått ein regnboge å leike seg med. Denne fekk han i eittårspresang frå oss, og eg veit ikkje kven som er mest  begeistra for den; eg eller han. Eller storesyskena. 
 

Den er i alle fall kjempekjekk å leike med, og når den ikkje er i bruk, er den fin i årstidsutstillinga vår.


Til slutt må eg ta med eit "regnbogeprosjekt" til. I fjor sommar sydde eg desse fargeblyantetuia til ungane, etter inspirasjon frå den første boka til Soulemama. Eg må innrømme at dei ikkje har vorte alt for mykje brukt, men dei er kjekke å ha i bilen når ein skal på ferie, til dømes.
 

Kanskje eg skulle sy meg eit sjølv, slik at eg alltid kan ha med min eigen regnboge på tur?

17 kommentarer:

  1. Regnbogen gjer meg også draumande. Det er noko magisk med måten fargane glir over i kvarandre på, synest eg. Og den regnbogen du har kjøpt til eittåringen - kor har du kjøpt den? Eg skulle gjerne hatt ein slik. Han var fabealaktig!

    Lekre fargeblyantetui også. Så flink du er til å sy!

    SvarSlett
  2. Hei!!!
    Skjønn blogg du har, og veldig fine ting du lager!!! Gleder meg til å se de neste.... Har lagt deg til lista mi:-)
    Ha en god kveld!!

    SvarSlett
  3. Å, så deilig med farger! Jeg liker også å ha det lyst og rent rundt meg....men med innslag av farger...etter humøret;)

    Veldig fine etuier du har sydd til fargestiftene...Tenk å ha med seg sin egen regnbue! Virkelig kult;)

    ...og jeg ble inspirert til å sy til malepenslene mine og en til blyanter og kullstifter...hm! Nå fikk jeg noe å tenke på!

    Spørs om jeg er like flink som deg??? Takk for at du inspirerer!

    SvarSlett
  4. Kjempefine etui! Kjenner meg att når det gjeld å ha mest mogleg fargar i skrinet. Det var så viktig for meg og når eg var lita:)
    Veldig koseleg innlegg rett og slett:)

    SvarSlett
  5. Åh, eg deler den fascinasjonen din!! Nyyydeleg! Det er nesten så eg må kjøpe inn brodertråd, så får eg heilt sikkert lyst å brodere dersom eg har ein slik "butikk" å velge materiale frå! ;) Eller kanskje eg berre skulle bruke samme prinsipp på garnnøsta mine?

    Det er i alle fall utruleg inspirerande å ha oversikt og ikkje minst utvalg til å kunne lage det som fell ein inn! Takk for inspirasjon! -og årstidsutstilling høyrast fint ut! Har du blogga om den tidligare, kanskje? Viss ikkje så må du gjerne gjere det, altså... :)

    SvarSlett
  6. Anonym8:59 p.m.

    For en nydelig blogg du har. Og jeg har også hatt ei kosestund og snoket litt rundt på flickr - får ro i sjelen av å se på bildene dine. Hjemmet ditt ser rett og slett ut som et godt sted å være! Og jeg får lyst til å gjøre det fint rundt meg selv : )

    -Janne

    SvarSlett
  7. Regnbuen er nydelig. I helga så vi en som laget farge i fjellsida da vi kjørte over Haukeli. Utrolig flott.

    Dine regnbuer var virkelig fargeklatter.

    SvarSlett
  8. Fantastisk innlegg! Vilka underbara regnbågar - allihop! Inspirerande!!!

    SvarSlett
  9. Eg må berre få seie det, du tek fantatiske bilder!!!! og veskene dine er utruleg flotte, og regnbogen, ja den var rett og slett knallfin! Kvar har du fått tak i den skal tru? Og takk for kommentaren til bildet mitt på bloggen til Krukkehuset :-) med venleg helsing Aina

    SvarSlett
  10. Den broderitrådsorteringsboksen din var no berre heilt fantastisk ! :) Såg skikkelig delikat ut og då er det berre å hive seg på neste kreative arbeid ;)
    Ha ein fin dag !

    SvarSlett
  11. Herlig med så mange farger! Vitaminer for sjelen. Fargeblyantetuiet kan med litt justering bli perfekt som strikkepinneetui. Det skulle jeg ha sydd til meg selv en dag. God helg!

    SvarSlett
  12. Hyttehuset og Alpakka:

    Eg kjøpte regnbogen hos alveslottet.no

    No ser eg at dei er utsolgt for den størrelsen vi har, men dei har ein mindre variant til 125 kr.

    SvarSlett
  13. Tusen takk!!! :-)

    mvh Aina (Krukkehuset og Alpakka)

    SvarSlett
  14. Dina moulinégarner är så vackert ordnade! Jag är också väldigt förtjust i regnbågar! Barnens böcker är ordnade i regnbågens färger och de gillar faktiskt att sätta dem tillbaka på rätt ställe! Jag har också sytt regnbågar av tyglappar, nu blev jag inspirerar att göra det igen!

    SvarSlett
  15. Jeg er absolut til "farve". og regnbuen har også været en del af mine børns legetøj da de var små.

    Fin blog du har. og de der farve etuier er skønne.

    SvarSlett
  16. Fantastisk regnboge! Ein god gåveidè, me har også snart eittåring i huset. Veldig inspirerande å kikke innom bloggen din, håpar det er greit at eg linkar til deg. Ha ei god helg!

    SvarSlett