tirsdag, september 29, 2009

Roser sist i september


Eg vert stadig imponert over kor takknemlege enkelte vekster kan vere. Her eine dagen var det eine epletreet vårt som fekk eit skryteinnlegg i bloggen av den grunn, i dag må eg legge inn eit par bilete av roser frå hagen vår no i slutten av september.  Her har dei stått - i søkkvåt jord, (lite gjødsel her òg...) regn, hagl og vind - i  vekesvis - og enda takkar dei oss med knoppar som foldar seg ut til dei vakraste, duftande blomstrar, til glede for oss som går forbi. Kanskje har vi noko å lære av plantene i hagen vår? :)


Den øvste rosa er Louise Odier, nummer to er Heritage.


Så fekk eg spørsmål om eg likar boka eg skreiv om i forrige innlegg; "Handmade home", og eg må seie at eg synest ho er inspirerande. Det er ikkje alle prosjekta som treff meg heilt, men nokre av dei har eg lyst til å prøve meg på. Eit av prosjekta har eg alt laga, nemleg ei hue til meg sjølv, sydd av ein krympa ullgenser. Raskt, smart og stilig! Noko av det eg likar best med boka, er at Amanda har skrive koselege tekstar innimellom prosjekta, og ho gir gode råd når ein vil handle brukte tekstilar og utstyr til kreative prosjekt. Så alt i alt synest eg absolutt boka er verd sine 132 kroner på Capris. ;)

7 kommentarer:

  1. Utrolig at rosene fortsatt blomstrer!

    Den boka ønsker jeg meg så absolutt. Den forrige boka likte jeg kjempegodt, ikke på grunn av prosjektene, men på grunn av alle de fine tekstene rundt kreativitet og barn. Jeg mener, prosjektene var veldig bra, men boka traff meg litt i hjertet når det kommer til det å ta vare på kreativiteten i hverdagen, og å gjøre spesielle ting med og for familien.
    Tror jeg må skaffe meg den boka snart!

    SvarSlett
  2. Det er kjekt med inspirerande bøker! Ikkje det at ein treng å gjere akkurat som boka seier, men berre få nokre gode tips og idèar.

    Og så er du så heldig som har så nyyydelege roser i hagen din! Mine har takka for seg..

    Ha ein fiiin dag!

    SvarSlett
  3. Rannveig1:32 p.m.

    koselig å stikke innom bloggen din!!

    SvarSlett
  4. Nydelige roser. Takk for info om boken. Får vi se lua? :-)

    SvarSlett
  5. Så vakre blomster! Det speilet du hadde fått fra foreldrene dine var utrolig fint, heldige du :)

    SvarSlett
  6. Åå, så nydelige roser.Jeg elsker roser i alle varianter, men synes dessverre de er litt vanskelige å ta vare på. Lærer vel kanskje etter hvert. Må bare si at du har en veldig inspirerende blogg, får alltid så lyst til å finn epå noe kreativt når jeg har vært innom her! Ønsker deg en flott dag!

    SvarSlett
  7. Ja vi har vel litt å lære av blomane om vi vil trur eg. Eg er så glad i Sølvi Hopland sine vakre og symbolske tekster, og mellom anna er songen "Du er ein blome i Guds hage" så vakker. Den handlar om at alle har sin plass i hagen, eller i livet der vi kjem til vår rett. Slik er det med blomane, og slik er det med oss menneska. Takk for inspirerande blogg :-)

    SvarSlett