


Her er eit lite knippe bilete frå dei siste dagane. Endeleg strålar sola frå blå hausthimmel. Vidunderleg!Det siste biletet viser den første lille skapningen eg laga med filtenål. Eg hadde eigentleg bestemt meg for at nålefilting sikkert ikkje var noko for meg (...skeptisk!). Men ei veninne var så entusiastisk at eg vart nysgjerrig på å prøve, og med instruksjon frå Pickles i bakhovudet, vart denne fyren til. Og det var berre så kjekt! No har eg laga fleire små figurar som skal verte nøkkelringar. Og om natta drøymer eg at eg nålefiltar! Hehe...
Skulle elles ynskje at det gjekk an å sende duft via internett, då skulle de fått kjenne kor fantastisk det duftar av kaffien eg drikk om dagen! Franskbrent espresso i presskanne...mmm!!!
Ha ein fin dag!

1 kommentarer:
Artige haust glimt... ;-)
Legg inn en kommentar