fredag, september 11, 2009

Frå Kathrin

Det å vere ein del av dette kjekket bloggsamfunnet fører mykje kjekt og uventa med seg. Forrige veke fekk eg ein kommentar frå Kathrin. Ho hadde ryddesjau på gang, og hadde funne eit par bøker som ho trudde eg kunne ha glede av, og som ho ville sende til meg. Då eg nokre dagar seinare kunne åpne pakken frå Kathrin, låg det altså to kjekke, inspirerande bøker der, og eg fekk også ei nydeleg nålepute i ekte "Dans på roser"-stil!

Som sagt har det vore ein del sjukdom her i huset i det siste, og dette var verkeleg ei oppmuntring midt i all elendigheita! Tusen, tusen takk, Kathrin! :)

Og har du ikkje besøkt den inspirerande bloggen hennar enno, så anbefalar eg verkeleg at du tek turen innom! :)

1 kommentar:

  1. Hei!!
    Lenge sidan nå syns eg. Er sjelden innom andre blogger for tida. Men kjekt å besøke deg i dag og sjå kor amsse fint du har lagt ut. Nydelige bilder frå heimen din. Nydelig gåve har du fått også. Ønska deg ei fin helg
    Klem

    SvarSlett