mandag, september 07, 2009

Dvalemodus

No har vi faktisk stabla oss på beina att, men det har ikkje vore spesielt mykje fres over oss siste veka. Influensaen inntok heimen, og dei fleste av oss har hatt mest lyst til å gjere slik som katten...

...krølle oss saman og sooooove.

Men eg har då putla litt innimellom - i slow motion. Eg vart så inspirert av Kathrin her om dagen, og følte behov for å "rensa lite i røran" her òg. Og eg synest det passa bra å ta eit djupdykk i stabelen med interiørblad som hadde hauga seg opp i påvente av at eg skulle rive ut det eg vart mest inspirert av og kaste resten.

Permar smekkfulle av interiørgodis er løn for strevet.

Då Vesla kom seg til att etter sjuka, var ho klar for leik og moro igjen. Og finst det noko kjekkare enn å leike Leila? Eg og Vesla leikar Leila rett som det er, vi, vi snakkar svensk så det susar og bakar "Rocky road" og "kladdkaka" og synest det står til! ;)

Etter at vi har baka svenske liksomkaker passa det fint med ei pause for å smake på handlaga sjokolade som husbonden hadde kjøpt til meg. Mmmm!

Ha ei god veke (og hald dykk friske)!

5 kommentarer:

  1. koselig bilder.
    godt dere er på beina igjen.

    SvarSlett
  2. Godt at dere er i form igjen.
    Godt når en blir så pass at en orker å gjøre litt igjen. Herlig med håndlaget sjokolade.
    Ønsker deg ei god uke :)

    SvarSlett
  3. Godt dere er blitt friske igjen:-) Må si jeg ble litt missunderlig nå..Bare sitte å hygge og kose seg:-) Hærlig og sikkert velfortjent!
    Klem

    SvarSlett
  4. He kje vore å kjøpt heimelaga godis enno ;-)
    Godt kreftene sig på igjen.
    Eg for min del er sånn halvsjuk, verken eller.. Travelt det også.

    SvarSlett
  5. Godt at dere er på bedringens vei! =)
    Så moro at du lar deg inspirere. Det kan jeg like, vet du.... =)

    SvarSlett