søndag, juli 26, 2009

Spanande post!

I går låg det ein spanande pakke og venta på meg då eg skulle hente posten. Pakken var frå Borghildpia, som eg har hatt ein kjekk byttehandel med. Ho har vore på Danmarkstur og ville ta med heim ein lyseblå Greengatekopp til meg i bytte mot eit heimesydd handlenett. I tillegg til den skjønne koppen sendte ho også med ein kjempesøt kjøkkensvamp og ein nydeleg koppehandduk - alt saman heilt perfekt til kjøkkenet mitt!

Koppehandduken hadde god størrelse, og eg lurer på om eg kanskje skal sy den om til eit forkle til meg sjølv. :)

Tusen takk for pakken, Borghildpia!!!

5 kommentarer:

  1. oj, så heldig du har vore..
    Men eg såg på bloggen til Borghildpia at det hadde ho også vore...
    Ha ein flott søndag!
    Når du ein vakker dag får tid kan du kikke innom bloggen min ;-)

    SvarSlett
  2. for en herlig kjøkkenhåndkle!

    SvarSlett
  3. Så fine ting, så lurt med byttehandel!

    SvarSlett
  4. Det där var ett supersnyggt tryck :)

    SvarSlett
  5. Oi! For en herlig kopphanduk!
    Vet du hvor den er i fra?Ha en super flott kveld;-)

    SvarSlett