torsdag, juli 16, 2009

Mat og drikke

Eit av godene som fyl med ferie, er tid og overskot til å bruke litt meir tid på måltida enn elles i ein hektisk kvardag. Dei siste dagane har eg funne mykje freistande rundt i bloggar eg brukar å besøke. I forrige innlegg fortalde eg at eg hadde laga iskaffe inspirert av Anne i Danmark, og no står ein annan variant iskaffe og godgjer seg på kjøkkenbenken. Skal fortelje meir om det seinare. I ein annan dansk blogg, Karen Klarbæks verden, fann eg oppskrift på "sprøde nemme morgenboller". Dei vart umidelbart ein hit her heime, og vi har hatt ferske kaldheva rundstykker til frukost både i går og i dag. Snadder!

I går gjekk eg laus på rabarbraen i hagen vår for å gjere eit forsøk på å lage rabarbrasaft, inspirert av mali-mo. Eg hadde ikkje sitron, men safta vart knallgod likevel! Denne kan verkeleg anbefalast!

Presskannevarmaren på det øvste biletet vart forresten laga seint i gårkveld. Kjempekjekt å sy litt igjen, eg klør i fingane etter å sy meir! :)

Ha ein god sommartorsdag!

5 kommentarer:

  1. Nei å nei... får dere i det hele tatt tid til å renovere badet? Här har jag gått runt och tyckt lite synd om er som lever i "kaoset" - men det ska jag sluta med NU. Fortsätt och njut bara!

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du likte rabarbresaften da....vi frøs litt men har drukket opp alt nå ;) Heldigvis er ripsen snart moden ;)

    SvarSlett
  3. Så deilig safta så ut. Likte så godt det siste bildet, virkelig forfriskende! Må ta meg et glass saft nå. :) Veldig fin presskannevarmer, likte stoffene du har brukt.

    SvarSlett
  4. Anonym7:39 a.m.

    Beste saft jeg noensinne har smakt!!!!! -Husbonden-

    SvarSlett
  5. Nydelige bilde!
    ..og nå skal jeg se litt mer på den oppskrifta:)

    SvarSlett