fredag, juli 31, 2009

Here we go...

Då er eg klar for ein aldri så liten "før og etter"-reportasje frå badet vårt. Vi har enno nokre små detaljar igjen, som maling av taklister og dør og montering av knaggar og anna småtteri, men vi har tatt badet i bruk og reknar oss stort sett som ferdige! Hurra!!! Må presisere at vi har fått god hjelp til renoveringa av badet vårt. Vi hyra ein flink svoger til å gjere det aller meste og er fornøgde med at vi gjorde det på det viset!

Einkvar "før og etter"-reportasje må sjølvsagt presentere eit par triste bilete først. Versågod:

Desse bileta tok eg då vi nettopp hadde kjøpt huset vårt for drøye fem år sidan, og slik har badet vårt vore heilt til no. Stusseleg. Badet bestod av to knøtsmå rom med ei skyvedør mellom. Badekar, vask og baderomsinnredning var pressa inn på det eine rommet, og det andre rommet hadde toalett og (for sikkerheits skuld) enno ein vask.

Ikkje akkurat eit syn å verte glad av når ein står opp om morgonen. Men no, derimot:

TA-DAAA! Dette må vi vel kunne kalle forbetring, eller kva??? Vi har slått saman dei to små romma, og sjølv om vi framleis ikkje har noko kjempestort bad, kjennest det utruleg mykje større og luftigare ut. Vi har sett inn eit nytt, koseleg vindauge, og bytta ut badekaret med ein dusj. (Dusjen manglar enno ein enkel glasvegg med skyvedørsprinsipp som skal gå frå vegg til vegg.) I staden for overskap har vi satsa på romslege skap under vasken, og på veggen tvert imot skal vi ha knaggar og ei hylle med korger til oppbevaring.

Som de ser har vi enno ikkje fått fjerna den overflødige silikonen frå kanten rundt vasken. Dette må tørke til i morgon, men eg hadde litt hastverk med å få tatt bileta mine. :)

Eg er berre så utruleg fornøgd med dette rommet! Eg sa til husbonden at eg helst berre ville ta med meg strikketøyet mitt inn på badet og campe der. *knis*

Og då passar det vel kanskje å avslutte med "ha det på badet"!

17 kommentarer:

  1. så flott det er blitt. Gratulerer med nytt bad! Skjønner godt at du vil campe der inne.

    Klem fra c

    SvarSlett
  2. Stilig og reint...
    Får lyst på nytt bad..
    Men i år vart det taket..og kva tid vi får råd til badet, ja sei det..
    Slik er det når vi kjøper gamle brukte hus..
    Forstår godt du vil vere der ;-)
    Ha ei gild helg, med eller uten sol..

    SvarSlett
  3. Ja det var stor forskjell!:)
    Så lyst og lett det har blitt. Jeg likte så godt det nye speilet over vasken. Tenker det var godt og bli ferdig.
    Husker da vi pusset opp badet da nr to var på veg.
    Vi har og et veldig lite bad; utrolig så mye større det virker når et rom får lyse farger i stedet for mørke.

    SvarSlett
  4. Eit kjempeflott bad var det blitt!! Ikkje rart du er nøgd med det, ein stoor forbetring! Synes den svarte benkeplata og spegelen var prikken over i`en... og sjølvsagt den flotte badematta....

    Kos deg på badet!

    SvarSlett
  5. Love it!!!!

    E

    SvarSlett
  6. for en flott forandring!
    tidløst innredning og farger.

    SvarSlett
  7. Det ble kjempefint! Gratulerer med flott nytt bad:) klem

    SvarSlett
  8. Grattis!!!! Å, så fint det blev! Jag måste syna den sophinken i bakgrunden... stilig!!! Hoppas du haft en god natt i sängen - och inte satt på toaletten;0)

    SvarSlett
  9. Gratulerer med nytt og veldig delikat bad! Koseligere å starte dagen her vel... Lurer på hvor man får tak i slike fine lamper du har på veggen? Har ønska meg noe lignende, men synes de fleste baderomslamper i butikken er litt for "stramme" i stilen..

    SvarSlett
  10. Gratulerer med nytt bad!! Det var absolutt en forbedring ja, ingen tvil om det :) Likte spesielt godt speilet og lampene på hver side, og ikke minst kranene... Slike jeg drømmer om å ha på et fremtidig drømmebad :) Ha en fortsatt fin uke! Klem Synnøve :)

    SvarSlett
  11. Laluna: Lampane er frå Ikea. :)

    SvarSlett
  12. Så fint det ble, en kjempeforandring! Og veldig fin badematte :)

    SvarSlett
  13. Hei.
    Så nydelig badet deres ble. Helt fantastisk! Du har en kjmpefin blogg som jeg nå har lagt inn på blogglisten min. Blir spennede å følge videre.
    Hade på badet... hehe:-)
    Anita.

    SvarSlett
  14. Så fint det blei !! Kos dåkke på nytt bad!!

    SvarSlett
  15. AHHH , This is much bether I think
    Kiss from the Netehrlands
    Rini

    SvarSlett
  16. Er på jakt etter et baderomsskap lignende det dere har. Har dere designet og snekret selve eller hvor får man tak på et slikt?
    mvh, Åsa

    SvarSlett
  17. Åsa: Vi bestilte skap og benkeplate hos HTH. Skapmodulane var frå kjøkkenavdelinga, om eg ikkje hugsar feil, og vi fekk snikkaren vår til å felle vasken ned i benkeplata.

    SvarSlett