mandag, juli 13, 2009

God morgon

Ferie. Slakk morgon. Kaffi. Sol gjennom stovevindauga. Inspirasjon frå den store verda. Kakeoppskrift på kjøkkenbenken. Jordbær i kjøleskapet. Det blir ein bra dag!

Kva synest de forresten om dei nye dukkene mine? På byturen vår på laurdag vart eg ståande ved ei bod i gågata og kike på dei fine russiske treleikene som var til salgs der, og eg vart særleg begeistra for denne. Då vi gjekk derfrå hadde husbonden jammen lurt seg til å kjøpe den til meg utan at eg såg det! Er eg ikkje heldig? :D

Til slutt må eg kome med svaret på kva kransen i gangen er laga av. Dei små, svarte "perlene" er plommekart etter tynninga av eit plommetre! Gjenbruk på sitt beste! ;)

5 kommentarer:

  1. Så fine babuscha! Det var jo veldig koselig med en overraskende gave fra mannen! Ha en fin dag :)

    SvarSlett
  2. Stilig både gjenbruket av plommekart og dukkene.
    I dag var ordbekreftelsen ALNES. Litt stilig når det er eit ord og ikkje berre bokstavar ;-)
    Nyt dagen!

    SvarSlett
  3. høres definitivt ut som en bra dag!!

    SvarSlett
  4. Härligt!!! Det var nog de finaste ryska damerna jag sett! Och vilken man du har - kärlek och omtanke...mmm! Det gör GOTT! Plommekart ;0)Jag hade annars tippat på olivkärnor, men de är nog svåra att få på tråd.. he, he. Heja bestemødrer som är kreativa och billiga i drift!

    SvarSlett
  5. Så flott dere har det i gangen. Så veldig koselig ut. Den kransen jenta di har laget var veldig fin. :) Koselig bilde av morgenen din. Høres ut som dagen har vært veldig god.

    SvarSlett