søndag, juni 21, 2009

Ikkje berre badet...

Oppussingsprosjekt har ein tendens til å balle på seg. Vi skifta alle rør i huset denne veka, og då passa plutseleg ikkje det gamle kjøkkenarmaturet vårt til røra lengre. Altså måtte vi skifte armatur. Men det gamle armaturet var delvis heimelaga for å kunne nå fram til begge vaskane, som ligg litt langt frå kvarandre, så eit nytt armatur ville ikkje passe til benkeplata vår. Altså trudde vi at vi måtte skifte ut heile benkeplata. Og dagens benkeplater passar ikkje til våre skapskrog, så ei stund frykta vi at heile benken måtte skiftast!

Løysinga vart heldigvis mykje enklare. Vi fekk laga to nye hol i plata slik at vi kunne bruke to kranar, ein til oppvaskkummen og ein til utslagsvasken. Dei gamle hola skal vi tette att med sølvfarga propper. Eg synest den nye løysinga vart både praktisk og fin. Føler nesten at vi har fått nytt kjøkken! :)


I natt har dei to eldste vore på overnattingsbesøk, så no skal vi som er att her heime nyte ein roleg dag. God søndag!

4 kommentarer:

  1. Stilig og så kjekt at det gamle kan endrast til noko nytt utan å øydelegge...
    Nyt den blå himmelen!

    SvarSlett
  2. Nydelig kjøkken du har. Så delikat
    Ha en fin søndag
    Klem

    SvarSlett
  3. Så koselig kjøkkenet ditt er! Ha en god kveld. :)

    SvarSlett
  4. Hei :O)
    Jeg har kost meg og kikket litt rundt i bloggen din. Så nydelige bilder du tar!

    Spennede med stort baderomsprosjekt... :O)

    Klem fra en ny leser ;O)

    SvarSlett