onsdag, januar 07, 2009

Fargerik kvardag

Kaspara skreiv nettopp ein kommentar på det forrige innlegget mitt: "Hverdagene er i det lange løpet de aller beste synes jeg, og det er jo godt siden det er flest av dem. " Og eg er heilt enig! Visst kan eg vere sliten og lei av kvardagen innimellom, men jammen er eg glad for den enkle kvardagen likevel! "Den grå kvardagen", er det noko som heiter, men min heilt vanlege onsdag i dag har vore full av fargar og gode stunder. Dette nydelege bilete som Vesla sat og jobba med i dag tidleg er fullt av fargar, og det fekk i alle fall meg til å smile! Jentene på biletet har stripa kjolar på seg (Vesla har dilla på stripa kjolar, ho har to eksemplar som ho går i konstant!), og i taket heng ei feiande flott diskokule!

Tende lys på bordet gjer formiddagsmaten vår litt festlegare. Det skal ikkje så mykje til!

Og eg gler meg over å kunne rope ungane inn på trappa og servere dei varm toast etter frydefull leik i støen!

No søv dei tre små, og eg kosar meg med kaffi, ei runde i bloggane dykkar og ein prat med ei god veninne via msn. Eg kjenner at eg er priviligert, og at livet er godt!

7 kommentarer:

  1. Dette hørtes ut som en strålende hverdag ;) ikke fullt så idylliske tilstander her med jobb, barnehage og småforkjølelse hos både den ene og den andre, men vi hadde endel gode øyeblikk i løpet av dagen, og dem forsøker jeg å ta vare på ;)

    SvarSlett
  2. Javisst er vi priviligerte og ahr det godt her hjemme!

    Fint innlegg selv om bildene ikke kommer opp på skjermen min ikveld;(

    Ha en flott uke videre!

    SvarSlett
  3. Den toasten såg såååå goe ut... Eg trur eg vil bjynna å leika utfor huset ditt! :-)
    Goa natto!

    SvarSlett
  4. Høres ut som ren hverdagslykke..spør du meg. Vi er helt klart priviligerte.

    Flott tegning med stripete kjoler og discokule:)

    SvarSlett
  5. For eit herleg innlegg. Det er så sant så sant. Det er kvardagane det er mest av, og det er dei som liksom er livet.

    Den mest stressandes tida i kvardagen er morgonen hjå oss. Då skal alle ut av huset og rekke jobb og skule, og før det skal minien vere på plass i barnehagen. Eg prøver å stå opp ein halv time tidlegare enn eg må, for at dei små skal ha ein god start på dagen i stadan for ein vanvittig stressandes ein. Det er fungerer kjempefint, og eg får tid til å koke egg, varme rundstykker og lage god niste til alle mann.

    Nå fekk eg jammne lyst på toast... Mor sjølv i huset rakk nemleg ikkje ete frukost i dag :)

    ha ein flott torsdag!

    SvarSlett
  6. Det er godt å kunne nyte kvardagen! Godt å telle velsignelsane. Godt å sjå at Gud er god, og at Han gir oss så mykje godt!

    Håper torsdagen blir fargerik og god og!

    Klem

    SvarSlett
  7. Og til vesla: Nydeleg kunstverk!!!
    Du er kjempeflink.
    Eg er sikker på at dei stripete kjolane dine er kjempefine.
    Eg og likar striper!

    SvarSlett