fredag, oktober 31, 2008

Duk...eller ikkje...

...slike djupe saker er det nemleg eg sit og grublar over ein fredags ettermiddag. Eg hadde ei lita opprydning i handarbeidssakene mine og kom over denne lille duken eg kjøpte på loppis ein gong, men som har vore parkert i vent på ein reparasjon. No vart duken reparert, stroken og lagt på stovebordet.

Og duken er fin, den! Fargane er nydelege og broderia flott utført, den er rett og slett godis for augene! Men likevel...

...endar eg opp som eg ofte gjer; utan duk på bordet. Eg brukar gjerne duk på bordet når det skal vere fest, men til kvardags trivst eg best utan.

Kva med deg, er du ein "duk-person", eller ikkje? :)

tysdag, oktober 28, 2008

Vinter

I dag vakna eg av glade barnestemmer som jubla: "Mamma, det snør!" Eg kjende at eg vart litt stressa der eg låg, eg hadde ærleg talt ikkje hatt så stor tru på at snøen dei melde forrige veke verkeleg kom til å innfinne seg, og hadde ikkje rota fram vinterkleda våre. No fekk eg med andre ord ein ekstra post i morgonprogrammet vårt. Cherroxar, vottar og dressar...kor var dei??? Men utruleg nok dukka det meste opp, og vi kom oss avgarde i den våte snøen.

Då eg kom heim, såg eg at bileta eg tok her i stova vår passar godt til det kvite vintervéret. Eg fekk eit innfall då eg sat og amma Minsten i går (får god tid til å tenke når ein ammar!), eg fekk lyst å flytte det nydelege grøne sidebordet vårt frå vinterhagen og inn i stova.

Dette bordet kjøpte eg på eit garasjesalg ein sommardag for eit par år sidan. I ettertid har eg angra som ein helt på at eg ikkje kjøpte det andre bordet òg, der var nemleg to av same sort, berre i ulik storleik. Men gjort er gjort, og eg er i alle fall glad for at eg fekk med dette eine. Fargen er berre SÅ delikat, synest eg!

Under bordet vart det plass til ein liten hausleg/vinterleg dekorasjon, samt eit lass med telys. Praktisk!

Kjekt å gjere små forandringar i interiøret, det er ikkje alltid så mykje som skal til for at ein plutseleg ser eit hjørne eller eit rom igjen. Fort gjort å verte litt husblind dersom alt bestandig skal stå på same staden. :)

Var dette dei siste blomane eg fekk av Vesla i år, tru?

Ha ein god tysdag!

fredag, oktober 24, 2008

Fredag

Ei fredeleg stund med rom for å pusle med eit hemmeleg, lite julegåveprosjekt.

Fredagsbakst: søte, sprø sjokoladekaker etter oppskrift frå Synnøve's Lille Maison...


...servert med ein liten skvett kaffi til "Beat for beat". Perfekt!
Bleieskiftarbeidar

Ein viktig del av programmet med baby i hus, er bleieskift. Då Storebror vart født, hadde eg vorte inspirert til å bruke tøybleiar via Nøstebarn. Eg strikka ullbukser i lanolingarn, og kjøpte inn brettebleiar og frottébukser i bomull. Tøybleiane fungerte ypperleg, og vi opplevde at det var mindre lekkasjar med tøybleiane enn med papirbleiar. Etterkvart vaks guten ut av ullbuksene sine, og eg fekk aldri somla meg til å strikke fleire. Dermed vart det dessverre ein brå stopp på ullbuksekarrieren hans, og det same var tilfelle då Vesla nådde same størrelse.

Denne gongen har eg vore så lur at eg strikka store, gode ullbukser medan eg gjekk gravid. Minsten skal få bruke tøybleiar til han er ferdig med bleieperioden sin. :) Og då vi er så fornøgde med tøybleiekonseptet, må eg berre bruke bloggen til å reklamere litt. Bruk av tøybleiar har nemleg mange fordelar, mellom anna desse:

- Det er bra for miljøet! Eg vert glad av å tenke på at vi sparar miljøet for ein gigantisk haug av bleiesøppel, i tillegg går det enormt med energi med til å produsere alle eingongsbleiane. Tøybleiane våre brukar i omatt og omatt, og sjølv om vi sjølvsagt brukar litt energi på vask av bleiane, kan det ikkje samanliknast med eingongsbleiar.

- Det er bra for huda til Minsten! Bleiane er laga av bomull og ull som lar huda puste, som igjen gir mindre risiko for sår stump og utslett.

- Det er økonomisk! Brettebleiar og ullbukser er den billegaste tøybleieløysinga, og vi sparer tusenvis av kroner i løpet av bleieperioden. Tenk på alt anna kjekt vi kan bruke desse kronene på! :D

-I tillegg synest eg at den runde, gode tøybleiestumpen er heilt skjønn, litt nostalgisk og mykje meir estetisk tilfredsstillande enn eingongsbleiar. Viktig argument, sjølvsagt! ;)



Før Minsten vart født tråla eg bleieforumet på tettinntil (ein må registrere seg for å få tilgang til bleieforumet) for informasjon, og der oppdaga eg at vi faktisk kunne droppe bøtter med vatn, eddik og brukte, skylte bleiar. Eg sydde eit par store posar med fór av eit vatn- og lukttett stoff, og desse legg vi bleiane rett i ved bleieskift. Dei heng på ein knagg ved stellebordet, og når posen er full, opnar vi glidelåsen og stappar heile posen i maskina. Vi gir bleiane ei kald skylling først, og set så maskina på vanleg 60 graders vask. Posen vrengjer seg sjølv under vask, og bleiane vert gullande reine. Frykteleg enkelt!

Ullbuksene, som er sperrelag (i staden for plastsnippar som var vanlege då eg var baby), kan strikkast av lanolingarn frå Nøstebarn, evt. av vanleg, ubehandla ullgarn (Østlandsgarn frå Nille fungerer prima og kostar ein brøkdel av lanolingarnet!) dersom ein gir det ein lanolinkur før ein tar buksene i bruk. Lanolin og mønster får ein hos Nøstebarn, det ligg også diverse mønster ute på nettet (sjekk tettinntil).

Det finst også utruleg mange slags fine "alt-i-ett-bleiar" i handelen for den som ikkje vil bruke brettebleiar, sjå til dømes Bleieboden.

Dette vart visst reine avhandlinga, men slik er det når ein er litt begeistra! :) Og når ein snakkar om sola - no må eg faktisk gå og ta eit bleieskift på Minsten!

tysdag, oktober 21, 2008

Lys

Eg følte for å få litt meir lys inn i dette hjørnet av stova vår, så i dag skreid eg til verket. Eg knabba tallerkenhylla som har husa bøker på barnerommet, og fekk mannen til å henge den på stoveveggen. Nokre bøker i fine fargar og ei lysslynge gjer hylla til eit koseleg blikkfang når kveldsmørket kjem snikande. Ungane syntest også det vart rett triveleg der, dei parkete på eit vatteppe på golvet (som forøvrig har lurt seg med på biletet) og tok ei god pause i den "nye" kråa vår. :)

Så må eg ta barnerommet ein annan dag, det vart litt tomt på veggen der hylla hang før...! ;)

fredag, oktober 17, 2008

Helga nærmar seg...

...og eg skal snart ut og spasere ut og hente Storebror heim frå skulen. Tenker vi må kose oss litt ekstra i dag, og har tenkt å høyre om han vil hjelpe meg å bake browniesmuffins til kaffikosen. Eg får masjere litt ekstra energisk med vogna og forbrenne nokre kaloriar først! ;)

I dag tidleg knipsa eg eit par bilete på morgonturen vår. Det øvste er av ein nydeleg steingard vi passerer på veg til skulen. Her brukar det å lukte koseleg fjøslukt når vi går forbi. :)

Og så må eg vise dykk at vognteppet eg hekla er i bruk. Det luner godt på toppen av dyna hustrige oktobermorgonar. Pynten i vona sydde eg då Minsten budde i magen min.

Så har eg strikka ferdig sparkebuksa frå Nøstebarnboka. Eg gjorde ei endring, eg strikka ikkje fot på buksa, berre brot. Då kan buksa brettast opp og dermed brukast lengre. Eg likar forresten denne modellen svært godt, den er romsleg, med god plass til ein rund og god tøybleiebak! :)

Og eg strikkar vidare. Det er ein skikkeleg kosegut vi har fått, han vil helst ligge i ein fang eller på ein mage. Og det lar eg han gjerne gjere, medan eg strikkar i veg. Ikkje mykje husvask og denslags på meg om dagen, med andre ord, men slik skal det vere i barseltida, synest eg! No er det pulsvarmarar til meg sjølv som er på pinnane.

Nei, no må eg gjere meg klar til å plukke opp skuleguten vår.

Ha ei riktig fin helg!

tysdag, oktober 14, 2008

"Zikk zakk, vi drypper på tak, tikk takk, det regner i dag..."

Når ein har vore oppe nokre gonger om natta og amma og skifta bleier på ein liten krabat, er ein bra trøytt når vekkerklokka ringer og ein skal opp og gjere heile gjengen klar til å levere ein skulegut og ei barnehagejente på rett stad, til rett tid og med rett utstyr. Då priser eg meg lukkeleg for at vi har gåavstand til begge stader. Ein tur ut i frisk luft gjer underverk for tunge augelokk og ein kropp som helst ville krølle seg saman under dyna att! Det er ikkje lenger skikkeleg lyst når vi går ut, og både i går og i dag har regnet hølja ned, men med støvlar og regnklede på gjer det eigentleg ikkje så mykje. Når ein bur på nordvestlandet nyttar det ikkje å klage over dårleg vèr, då vert ein fort deprimert...! :) I staden nyt eg å verte våt i fjeset og å ha tørre føter i dei fine støvlane eg kjøpte i Bergen (sjølvsagt!) i sommar. Eg snusar inn lukt av vedfyring langs gangvegen og rå mold- og moselukt på det korte stykket vi må gå gjennom skogen. Storebror synest det er stas å få bruke det stilige regntrekket til sekken sin der han og Vesla hoppar frå søylepytt til søylepytt, og Minsten søv søtt på lammeskinnet i vogna si. Og medan vi går, gler eg meg til å kome heim og lage meg ein kopp kakao med ein kremrest frå gårsdagen. Regnvèrsdagar er ikkje dumme, dei heller.

Håper du òg har ein fin haustdag, enten det er sol eller regn der du er!

Og hugs at no er det på tide å finne fram refleksa att! :)

laurdag, oktober 11, 2008

Haustutstilling

Det er fantastisk kor mykje flott inspirasjon ein kan få ved å besøke nokre av dei herlege bloggane som finst ute på det store internettet! I dag har vi komt igang med eit prosjekt eg har hatt lyst å arbeide med, men som har stått på vent eit halvt års tid. Første gong eg høyrde om "nature table", var då eg las the creative family av Soulemama. Enkelt forklart er dette eit bord, ei hylle eller liknande, der ein stiller ut ulike gjenstandar som "høyrer til" årstida ein er inne i. Eg fekk berre ikkje somla meg til å finne ut kor vårt naturbord skulle vere. For nokre dagar sidan las eg eit innlegg hos Salt and Chocolate der ho fortalde at ho og ungane hennar hadde laga fine haustblad i papir og hengt dei opp i vindauget. Då slo det meg at vinduskarmen i gangen vår ville vere ein perfekt stad å lage årstidsutstillingar, og slike haustblad måtte sjølvsagt få vere med i haustutstillinga! Eg svinga meg og bestilte Stockmar fargeblokker (i rein bivoks, og giftfrie - hurra!) hos Alveslottet, og i dag har vi kosa oss med å lage haustblada. Enkelt og kjekt, både for meg og ungane! :)

Sopp høyrer også hausten til, og framgangsmåten til desse søte flugesoppane fann eg hos maya*made. Dermed fekk vi ei dose kreativitet ein litt grå oktoberettermiddag, og desse prosjekta var absolutt overkommelege også for ei nybakt mamma i ammetåka! ;)

Haustutstillinga vår skal heretter ha fast plass fram til vinterutstillinga tek over, med rom for spontane endringar og tillegg undervegs. Dette var kjekt!

måndag, oktober 06, 2008

Gode dagar

Dagane tuslar avgarde i bedageleg fart her hos oss. Mannen har 14 dagar permisjon etter fødselen, og det gjer denne aller første tida med baby i hus mykje rolegare, både for oss vaksne og for ungane. Når eg har hatt litt tid til overs, har eg kosa meg med eit lite strikketøy. Eg har hatt liggande nokre fine hesper merinoullgarn frå 123knit.com, og har no begynt å strikke sparkebukse frå boka "Strikk til nøstebarn" til Minsten. Utruleg koseleg å sitje i sofaen og strikke med ein sovande baby i fanget! *smelt*

Eg har også fått nokre kjekke bøker i gåve til gebursdagen min (...som passerte stilt og roleg i september...). Desse har eg liggande lett tilgjengeleg på stovebordet, eg har nemleg god tid til å bla i dei medan eg ammar! :)

Etter trilleturen vår i dag, i frisk haustluft og med skodda hengande langt ned i fjella, tusla eg meg opp til epletrea våre for å sjå om Aroma-epla var klare til å plukkast. Det var dei! Treet vart planta for 3 år sidan, og er ikkje stort høgare enn meg, men det er utruleg kva dette treet klarer å produsere! Det bugnar av svære, raude, akkurat passeleg sursøte eple, så perfekte at dei nesten ser kunstige ut. For ei glede å kunne hauste dei frå treet og vite at dei er aldeles økologiske og supersunne!

Vel inne att var eg ikkje sein om å finne fram att denne oppskrifta og bake ei herleg eplekake til kvelden.

Til slutt vil eg takke så mykje for alle dei koselege gratulasjonskommentarane på forrige innlegg, eg set stor pris på kvar einaste ein! :)

Ha ei god veke!