tysdag, september 30, 2008

Nytt liv...

Eg er berre innom som snarast for å fortelje at fødselen er over, og at vi i helga vart foreldre til ein nydeleg, liten gut! Alt er vel med oss alle, og vi kosar oss med baby i hus. Den lille handa på biletet tilhøyrer Minsten vår, her sit han trygt og godt i meitai på magen min. Rart å ha han utanpå - og ikkje inne i magen lenger. Rart, men heilt vidunderleg! :)

fredag, september 19, 2008

Framleis roleg...

Eg er her enno, ja. :) Og det er ikkje noko nytt på babyfronten. Eg tek framleis livet med ro, og prøvar å samle krefter til det som ligg framføre oss. Innimellom tek eg meg tid til å pusle med nokre julegåveprosjekt - i s a k t e tempo, vel å merke. Tenker at det er greit med alle julegåver som er ferdige, det er alltid kjekt å vere tidleg ute med denslags, men særleg no i år. Tippar resten av dette året kjem til å gå som ein røyk!


Kan sjølvsagt ikkje vise ferdige julegåver her på bloggen, i tilfelle nokon skulle vere innom og titte. ;) Difor tenkte eg at eg skulle la nokre flinke songfuglar få stå for fredagsunderhaldninga på bloggen min i dag. På måndag slepp nemleg Garness den nye CD'en sin. Eg hugsar desse jentene, som er tvillingar, frå dei var små, vi hadde ein skjønn kassett av dei som vi stadig høyrde på i bilen. "2 på 9 slipper lovsangen fri", heitte den. Yngste bror min trudde imidlertid den heitte "10 på halv 9", så det vart den heitande for meg. :) No er jentene vaksne, og heldigvis har dei heldt fram med å synge. Høyr berre på denne smakebiten!

God helg!

fredag, september 12, 2008

Slow motion...

Jepp, no er det ikkje mykje fart i meg meir, gitt! Eg kjenner meg mest som ein stranda kval om dagen, men slik er det vel gjerne når ein er ei drøy veke frå termin. Men forrige fredag stramma eg meg opp og tok med mannen (som berar, så klart) på loppemarked. Hadde litt loppeabstinensar, så eg er glad eg rakk det før fødselen! :D Eg handla både eitt og anna, men har ikkje fått dokumentert så mange av funna mine, då kroppen som sagt ikkje alltid er like samarbeidsvillig. Men denne kaffikjelen var ein av tinga som vart med heim. Trur det er eit av dei finaste eksemplara eg har sett. Den har god storleik, og det kremkvite, slitne handtaket gjorde susen!

Skåla er også frå dette loppemarkedet. Kan ein eigentleg få nok skåler?

Tekstilar vart det òg ein del av. Då eg såg dette Disney-dynetrekket, tenkte eg på pyjamasbukse til storebror med det same! Han er ein skikkeeg Donald-gut, og har alltid ein stor stabel Donaldblad frå mannen sin barndom i nattbordet sitt.

Trur dette stoffet er nokre år, kanskje 20-30? Teikneseriefigurane har forandra seg ein del gjennom åra. Eg synest dei var finare før!

No ventar (nok) ein sløvekveld i sofaen, trur faktisk eg treng litt is med banan, peanøtter og sjokoladesaus, ja! :) Ha ein fin kveld de òg!

søndag, september 07, 2008

Himlen høg...

Nok ein herleg søndag med salt havluft i nasen. Eg vakna i dag og kjende at vi måtte ta turen til ei nydeleg strand vi veit om. Bøtter, spadar, støvlar og fotoapparat vart pakka i bilen, og vi la i veg.

Den er ikkje så stor, denne stranda, men ungane hadde nok å gjere likevel.

Dei samla daude krabbar, perlemorglinsande sniglehus og andre skattar...

...og gravde demningar (med god hjelp av mannen, som synest demningsarbeid er toppen!), medan eg fekk tid til å surre rundt og fange fine motiv med kameralinsa.

Eg er enig med Vesla; slike dagar er "snader" (snadder...)!

Denne dagen skulle ein eigentleg også ha vore på kafé, kjende eg. Skarp, frisk haustluft inviterer til mjuk jazz, varm kaffi og eit kakestykke på ein trendy og koseleg kafé. Men når det er eit stykke til næraste trendy, koselege kafé, må ein improvisere. Kaféstemning kan ein nemleg få heime i eiga stove også. Eit stykke varm eplekake (prøv denne, eg trur det er den beste eplekaka eg nokon gong har smakt!), kaffi og Renee Olstead rislande ut gjennom høgtalarane er ei god erstatning!

God søndagskveld!

måndag, september 01, 2008

September - roleg start

Det er godt å ikkje ha hastverk om morgonen. Eg kika ut gjennom soveromsvindauget og såg byrjinga på ein fin første haustdag. Eg og ungane hadde god tid til frukosten, og ein spasertur til barnehage og skule i passeleg ruslefart. Med innlagde stopp for å studere spindelvevet i doggvåte grøftekantar, sniglar på tur over gangvegen og kyrne som hadde blitt flytta til ein annan del av marka, der graset var høgare og saftigare. Herleg!

Vel heime att tok eg meg tid til å lage ein cappuccino.

Eg er svært glad i dei sjarmerande espressokannene mine. Dei tek seg bra ut på kjøkkenet, og lagar herleg kaffi. Og så godt som det luktar når ein fyller kaffipulveret opp i kanna! Det skulle vore mogeleg å sende lukta over internett!

Med ein skvett varm lettmjølk, litt melkeskum på toppen, cappuccinostrø og rørsukker var eg klar for ei dose bloggsurfing og nokre rundar på strikketøyet mitt. For ein god start på hausten!

Meir kaffiinspirasjon? Sjekk ut denne kaffivideoen, som forøvrig har verdas festlegaste kaffimusikk i bakgrunnen!