Prikk til prikk...
Tenkte eg skulle vise nokre prosjekt eg har laga siste halvåret av eit prikkete stoff eg bestilte frå ein eller annan amerikansk nettbutikk. Eg kjem dessverre ikkje på kva for ein butikk det var, for eg har handla stoff hos fleire utanlanske nettbutikkar, men eg vil i alle fall generelt anbefale å snuse litt rundt på tekstilar i utlandet, for prisane og utvalget er noko heilt anna enn det er her til lands! Eg bestiller alltid for under 200 kroner i gongen for å få varene toll- og momsfrie, men når prisane er så lave som dei er, får eg eindel stoff for dette. Hugs berre å sjekke kor mykje det vert i porto før du bestiller. :) Skal sjå om eg kan somle meg til å legge ut nokre linkar til dykk etterkvart. (
Har no lagt nokre linkar under "nettbutikkar tekstil" i høgre marg.)

I alle fall, det første prosjektet er trekk til kamerastroppa mi. Eg har sett slike stropper til sals på nettet, men tenkte at dette måtte vere ei grei sak å ordne sjølv. Eg synest stroppa som fulgte med kameraet var så stiv og skrapete i nakken, men med eit mjukt trekk av bomullsstoff fòra med flanell, vart det mjukt og godt. Og så skiller kameraet mitt seg litt ut blant andre svarte kamera. :) Trekket er avtakbart, så dersom eg vert lei av det, er det lett å ordne seg eit nytt.

Neste prosjekt er også eit trekk. Vi kjøpte oss ny bil i sommar (må ha plass til tre barnesete snart, veit de!), og Vesla klaga på at selen i nyebilen skrapa slik på halsen. Dermed vart det seletrekk i prikkestoffet, fòra med fleece denne gongen. Trekket kan takast av og på og evt. snuast på vranga ved hjelp av borrelås. Eg og storebror vart så misunnelege på Vesla sitt mjuke seletrekk at eg måtte sy til oss òg. Praktisk og fargerikt i bilen!

Det tredje prosjektet er av litt større format, nemleg ein meitai til babyen vår. Eg har sydd ein kvit meitai tidlegare, men tenkte det kunne vere greit å ha ein i mørkare fargar å variere med. Eg har brukt brun cordfløyele til utside og stropper, og prikkestoffet til innsida. Framgangsmåten fann eg
her, og instruksjonane med bilete var veldig greie å fylgje!

Det vart også ein meitai til det ferske tantebarnet mitt, også denne i cordfløyel, men med eit rosa stoff på innsida.

Det har vore godt med nokre dagar med skyer på himmelen etter all varmen, til og med regnet har gjort godt!

Fint å sitje i sofaen med opa dør ut til vinterhagen der regnet har tromma på glaset. Eg kosar meg med strikkinga, er straks ferdig med den første babyjakka.

Trultepusen vår, som omtrent ikkje har vist seg her i sommar, har plutseleg funne ut at det er greit å trekkje innandørs igjen. Regn er ikkje noko for ein katt! Ikkje denne katten, i alle fall. No tek ho livet med ro i korgsofaen i vinterhagen.

Avsluttar dagens innlegg med bilete av ei rose 'Mary Rose', som framleis står i potte og ventar på å få ein plass i hagen. Ho ser ikkje ut til å vere fornærma av den grunn, og har komt med fleire blomstrar siste vekene. Eit godt kjøp! :)