


"I fred vil eg leggja meg ned og sova. For du, Herre, einast du lèt meg kvila trygt."
Salme 4,9.
Ha ei god og fredeleg natt.
Freden råder framleis i heimen. Ungane er no frakta frå farmor og farfar og vidare til bestemor og bestefar. Dei får verkeleg lufta seg, og synest det er storsvært å vere på ferie. Og det er inderleg godt for oss foreldre å ha nokre barnefrie dagar også, det kan bli ei stund til neste gong no når ein ny spedbarnsperiode er like rundt hjørnet!
Det er framleis knallvarme på desse kantar, og sjølv om symaskina ropar på meg er det ikkje mykje eg har orka å gjere. Men eg har laga to nye handlenett. Dei fire eg hadde frå før er nemleg ikkje nok når vi tar ei skikkeleg handlerunde, og eg ergrar meg meir og meir over alle småposane eg får med når eg berre skal ha ei t-skjorte, eit sokkepar eller to og liknande småtteri. Så no har eg laga to nett som skal få bu i veska mi. Plastpose? Nei takk!
Eg må berre ta med eit sjøbilete i dag også, dette er frå i går då vi var på veg til hytta til mamma og pappa. Sol, sjø, sval trekk, brummande båtmotor - slik skal sommaren vere!
Oioi, for ein varme! Einaste tida å få gjort noko fornuftig på er om morgonen, før det vert for varmt til å gjere noko som helst. Ungane er på overnattingsbesøk hos farmor og farfar, og eg har nytta høvet til å få rydda opp på "rommet mitt". Eg har hatt for lite hylleplass her, men i dag fekk eg flytta inn den gamle bokhylla vår slik at eg kunne fjerne stablane med stoff frå golvet og få ein smule oversikt over dei. Herleg! Med det same eg var i gong svinga eg støvkluten og golvmoppen, så no er det ei fryd å vere der - så lenge det varer! ;)
Ved formiddagstider var varmen så intens både ute og inne at eg stort sett har søkt tilflukt på soverommet, det svalaste rommet i huset. Med vatn, bærbar pc og lesestoff har eg hatt det nokså behageleg. Men ei lufterunde vart det både i går og i dag, til sjøen, sjølvsagt.
I går kosa eg meg sitjande på kanten av ei flytebryggje i byen. Trekken frå sjøen gjorde temperaturen leveleg.
Og synet av båtar og svalt vatn gjorde godt for augene.
I dag gjekk turen til eit fergjeleie. Der var det også herleg trekk, syn av iskald snø i fjella og usunn, lettvint middagsmat for den som ikkje orkar å kokkelere sjølv i varmen! :)
I går kom eg, via ein kommentar i bloggen min, over ein blogg som var ny for meg; Ingvild liker matblogging. Ingvild skriv om mat, og eg vert inspirert! I dag såg eg at ho hadde lagt ut oppskrift på gulrotrundstykke, og desse laga eg til kveldsmat i dag. Med kvitost og paprika på, eit glas melk og ein kopp te til smakte det reint fortreffeleg! Teen må eg forresten også anbefale. No når eg er gravid bør eg helst ikkje ha i meg for mykje koffein. London Fruit and Herb Tea frå helsekosten er koffeinfri og passar bra i så måte. Smakar godt gjer den også, og eg kan gje den til ungane, som er kjempeglade i te, utan å få dårleg samvit. Det var dagens reklame! ;)
No er eg god og mett og tar strikkepinnane fatt!
Hurra! Eg er ferdig med vognteppet! I dag sat eg ute i ettermiddagssola og hekla siste biten av taggekanten som avsluttar det heile. Godt å få det i hamn, og no må eg dure på og få gjort ferdig hentesettet eg strikkar på. Merkar at eg får litt tidsnød, men trøystar meg med at det faktisk er ei stund til slutten av september enno.
Ungane har også gjort ferdig eit handarbeidsprosjekt i dag. Vi har arva eit par vevar, og den eine har stått framme nokså lenge i tilfelle vevelysta skulle melde seg. I dag fekk storebror ånda over seg og gjorde det heile ferdig, med litt hjelp av Vesla, og litt av meg. Vi vart enige om at dette er ein liten duk, og alle var særs nøgde med resultatet!
Fargane gir meg assosiasjonar til svale dagar ved havet!
Då er årets ferietur over. Måndag la vi ut på tur med bilen full av bagasje, og turen gjekk til...
...Bergen. Som student budde eg nokre år her, og eg vart reint nostalgisk av å vere tilbake. Eg visste at eg var glad i Bergen, men hadde ikkje trudd at eg skulle få klump i halsen då vi kom køyrande inn i byen. :) Godt å vere tilbake for nokre dagar, med andre ord.
Det var, som det gjerne er på desse kantar av landet, sol og regn om kvarandre, men vi syntest vi var nokså heldige då dei verste regnbygene stort sett gjorde frå seg medan vi var innandørs (vilvite-senteret, akvariet, butikkar...).
I går vende vi snuten heimover, og då kom jammen finevéret. Vi tok sjølvsagt mange stopp undervegs, her måtte eg forevige utsikta mot Geirangerfjorden. Jammen er det vakkert, dette landet vårt! (No skulle sjølvsagt Sissel Kyrkjebø stemt i med "Å Vestland, Vestland"! *knis*)
Den beste venen som finst heiter Jesus. Han ynskjer å vere min og din ven gjennom livet - og i det evige livet når dagane våre på jorda er slutt. Eg synest Nicole Nordeman illustrerer det så nydeleg i denne sangen.
I dag har det vore ein hektisk dag her i huset. Vi har vore og henta oss jordbær til årets produksjon av rørt jordbærsylte, og eg har renska bær, rørt og frose ned. Ein må ha litt viljestyrke for å unngå å jafse i seg til ein får mageverk, når ein sit med nasen ned i slike store, raude, saftige bær...!
Husbonden har ferie og har brukt dagen til å legge belegningsstein på uteplassen vår. Grunnarbeidet vart gjort i fjor, men det er først no vi nærmar oss slutten. Neste steg er å setje opp ein levegg, slik at plassen vert skjerma og koseleg. Eg gler meg SLIK til å plassere sitjegruppe og krukker med planter her! Og eg er utruleg fornøgd med belegningssteinen, eg trur dette vert skikkeleg bra! Godt jobba, husbond! :D
Vesla var meir oppteken på interiørfronten. Eg fekk beskjed om å kome og sjå kva ho hadde gjort på rommet sitt, og då måtte eg berre fram med fotoapparatet igjen! Sjå kor fint ho har pynta med blomster over senga si! :)
Etter ein slik anstrengande dag er det klart ein må kose seg litt. Vafler, is og jordbær smakte fortreffeleg i vinterhagen.
Til slutt må eg reklamere for ein splitter ny blogg. Ei veninne av meg har begynt å blogge, fantastisk kjekt, synest eg! Du finn ho her.
Eg har tenkt på at eg har hatt lyst til å ha ein liten "giveaway" her på bloggen min. Eg bloggar jo mest for min eigen del, men det hadde ikkje vore fullt så moro hadde det ikkje vore for all den kjekke responsen eg får frå dykk! Og nettopp det har eg lyst til å takke dykk for! Det vert dessverre litt for omfattande å sende ei takkegåve til kvar enkelt av dykk, men i dag har eg sydd eit handlenett som eg vil gi til ein av dykk. Eg har fire slike nett sjølv, og synest det er kjempeflott å kunne takke nei til plastposane på butikken. :) Dersom du har lyst på dette handlenettet, kan du legge att ein kommentar i denne posten, så trekkjer eg ut ein av dykk i løpet av førstkomande helg. Så får vi litt basarstemning her! :)
Innimellom handlenettsaum og utandørs opphenging av reine klede i det fine véret, har eg laga badesalt med roseblad i dag. Idéen fekk eg hos LillaBlanka (som forresten har ein nydeleg blogg!).
Den stakkars husbonden min kom innom kjøkkenet og vart litt engsteleg for at han vart nøydd å ete denne "salaten" til middag. Han har vorte servert både lavendelcookies og vatn med roseblad i isbitane i det siste, og føler seg ikkje heilt trygg på kva det neste vert! *knis*
Men dette skal nok ikkje etast! Det skal derimot verte fin-fint å ta seg eit rosenbladsbad når vinterstormane hyler rundt hushjørna!
I dag var vi på ettermiddagskaffi hos foreldra mine, og der plukka vi opp nokre gamle eplekasser dei hadde henta til oss hos tanta og onkelen til pappa. No har dei blitt støvsugd, vaska og fylt med nytt innhald. Nokre av dei skal brukast til sko, resten har blitt bokhylle til nokre av barnebøkene på stova. Barnebøkene har vore litt dårleg organisert den siste tida, vi har hatt for mange bøker stappa inn i eit altfor lite skap. Det har dessverre ført til at dei har blitt mindre lest, det har rett og slett ikkje vore freistande for ungane å leite etter ei interessant bok. Det håper eg det skal bli ei forandring på no.
Eit utval bøker og blad skal framleis få ligge i ei korg framfor varmepumpa i gangen. Det er nemleg fast tilhaldsstad for ungane med det same dei står opp om morgonen, koseleg og varmt, med noko å lese i. Det gir oss vaksne nokre ekstra, verdifulle minutt før vi må stå opp! :)
Eg har trua på at det er viktig for barn å lese og bli lest for, og håper å kunne gi dei gode leseopplevingar og lesevanar gjennom oppveksten. Ei slik opprydding i bøkene gjer dermed utruleg godt for samvitet mitt - og gir også plass til nye, spanande bøker. *ilar til bruktbutikken*
Biblioteket er heller ikkje dumt! Vi var der i dag, og no skal eg svinge meg og pakke ihop støvsugar og vaskefille og kose meg med ei god bok sjølv.
...går ut i sin have og tager videre en bunt velduftende lavendel, blander med diverse enkle ingredienser og ender opp med...
...en stabel vidunderlige lavendelcookies! :)
Medan eg først var i siget med å plukke lavendel i hagen, tok eg ein ekstra sving og klipte nye roser til vasane. Denne første er ei av dei første rosene som blomstrar i den før omtalte nyplanta rosehekken vår. Det er 'Maiden's Blush', og den skuffar ikkje! Utruleg delikate, sart rosa roser med fortryllande duft! Og denne hekken skal bli omlag 2 meter høg og fullstappa med roser etterkvart - den kjem til å verte eit syn!
Dette er også ein nykomling i hagen vår, dei første rosene på 'Lykkefund'. Det var storebror som oppdaga dei i dag, og han kom springande inn og ropte: "Mamma, no blomstrar den nye rosa vår!" Hehe, den guten har skjønt kva mora let seg begeistre av! Så vart eg og ungane sitjande på kne og sniffe henført inn i blomstane, for denne rosa duftar også nydeleg. :)
På stuebordet er det "oldemorrosa" som får pynte opp. Denne har eg fått som rotskot av mi mor, som har fått den som rotskot av si mor, som igjen har fått den som rotskot av si mor. For ungane våre vert dette altså "tippoldemorrosa", og eg håper at dei ein vakker dag har lyst til å ta med seg rotskot til sin eigen hage slik at den kan gå vidare i arv. :)
Det er varmt! No ser temperaturen ut til å gått ned litt, men eg har nesten smelta siste dagane, med stor mage og 30 grader ute. Eg har stort sett halde meg i skuggen, gjerne i hengekøya! Mange av måltida har vi inntatt under plommetreet, som har vokse seg nokså stort sidan vi flytta hit.
Her eine dagen prøvde eg ut ei oppskrift som viste seg å vere ein suksess når ein plutseleg får lyst på noko anna enn brødskiver til formiddagsmaten og ikkje har tid til gjærbakst. Grove muffins! Dei vart slengt ihop i ein fei, og smakte nydeleg med rørt jordbærsylte. Oppskrifta fann eg i denne boka.
Sett slikt; rosene invaderer sofaen også!
I dag har eg brukt symaskina litt, resultatet vart to sommarlege puter med nydelege roser på.
Dei er laga på enklaste måte, eit rektangulært stoffstykke sydd saman, og med bomullsband til knyting i opninga. Eg synest slikt vakkert stoff må få vise seg fram åleine, utan andre fiksfakserier! :)
I dag er det sjølvaste femårsdagen til Vesla, så eg avsluttar dagens innlegg med to skjønne naturfoto som Vesla sjølv tok her eine dagen. Det er stor stas å få låne kameraet! Eg låner ut - med hjartet i halsen - men det er verd det når ein ser ungane si glede over å fange fine motiv med linsa!
Ha ein fin julidag!