Ingen sofa frå Ikea...
I fleire år har eg vore på jakt etter ny sofa til stova vår. Eg var ikkje fornøgd med fargen på sofaen vi kjøpte då vi var nygifte, og har styra og stella med diverse laken- og teppeanordningar for å skjule elendigheita. Det har forsåvidt fungert greit, men det er litt slitsomt å måtte "reie opp" sofaen kvar gong nokon har brukt den! Ein Ektorp frå Ikea har stått på ønskelista, men det har aldri vorte anledning til å få ein slik i hus, då næraste Ikea er temmeleg langt unna.
Innimellom er ein heldig. Eg kjenner ei koseleg svensk dame, M, som bur her i bygda, og første gong eg besøkte henne la eg merke til den nydelege sofaen hennar. Den var arvegods, ho hadde den etter farmor si. Ein liknande sofa kunne eg verkeleg ha tenkt meg, tenkte eg. Tidlegare i år fortalde M at no hadde ho levert sofaen sin til ein gjenbruktbutikk. Eg tenkte i mitt stille sinn at dette var sørgelege greier, men rekna med at det flotte møbelet sannsynlevis alt var solgt. Nokre månader seinare viste det seg imidlertid at ingen hadde kjøpt sofaen, og personalet i butikken såg seg nøydd til kassere den. Heldigvis vart den berga av ein kjenning - og for å gjere ei lang og innvikla historie kort - sofaen havna underleg nok, og heldigvis, i vår stove!

Til sofaen høyrde også ein lenestol, som eg også fekk. :)

Og når eg hadde fått så fint nytt møblement, måtte eg sy eit par nye puter som stod i stil. Eg sydde to puter i lin, med blonder og gamle bilete som eg strauk på kvitt linstoff.

Bileta vart henta frå eit gamalt familiealbum som eg var så heldig å få av ei anna veninne i fjor sommar. Dette er med andre ord sannsynlegvis eit fotografi av ein eller annan slektning av denne venninna. Tusen takk, L!

Avsluttar dagens innlegg med roser. Fortsatt duftar dei i stova vår, og enno er vi berre tidleg i rosesesongen! *hurra!* Desse eksemplara, som flyt i ei skål med vatn, er Louise Odier og New Dawn.