torsdag, desember 25, 2008

Sakte fart...

1. juledag er ein herleg dag! Godt å kunne ta det med ro etter dei siste travle dagane før jul, medan ungane putlar med julegåvene sine. Ein spasertur ut i frisk luft gjer også godt etter all julematen!

Strikkesoppane på biletet var ikkje julegåver, men bygåver frå bestemor og bestefar då dei var i hovudstaden ei tid tilbake. I dag fekk ungane ånda over seg og fekk lyst til å arbeide litt med dei.

Ellers nyt eg synet av juletreet. Vi pynta det ikkje før lillejulaftan, så det skal få lyse opp denne kråa av stova vår lenge enno.

Denne laga eg til treet i fjor. Eg brukte eit gammalt fotografi, litt gullpapir frå ein (oppeten!) konfekt og eit fint band.

Ungane har også laga juletrepynt, melom anna denne klokka. Idéen fekk vi i julenummeret av bladet mamma. I dette bladet var det også ein nydeleg reportasje om Jeanette som har bloggen fryd+design; verd å lese!

Då skal eg kose meg vidare i julestova vår, håper du òg tek livet med ro! :)

6 kommentarer:

  1. Første juledag pleier jeg å kalle stillheten etterpå. Helt deilig!

    Ha ei fortsatt flott julehøytid.

    SvarSlett
  2. 1.juledag er en herlig dag. Godt å bare slappe av, rusle en liten tur og spise rester fra dagen før. Fint juletre. Koselig med hjemmelaget pynt på.
    Ha ei fortsatt god juleuke :)

    SvarSlett
  3. Kjempekoselig innlegg. Herlige stemningsbilder. Godt å lese om hvordan dagene nytes. Så rett dere gjør. Her er det også høy kosefaktor. =) Ungene leker med sine julegaver. Stor stas i heimen! =)

    Juleklem.

    SvarSlett
  4. God jul!
    Kos dere i romjula.

    I morgen skal vi på julefest i bygda, og barneforeningsbarna skal synge.
    Vi slapper av, men tanken på den store flyttesjauen ligg der - må nok bruke litt av romjula til å begynne å pakke ned litt...

    SvarSlett
  5. Den heklesaken husker jeg jammen fra gamledager - var en poppis da jeg var liten ;-) Ønsker deg også en GOD jul!

    SvarSlett
  6. Anonym9:35 p.m.

    Ha ei fortsatt riktig God Jul i heimen. Godt de kosar dokke. Det er det ein skal. Og godt de vart friske til Jul! mvh sig

    SvarSlett