mandag, november 17, 2008

Spanande post

For ei tid sidan hadde Christine på bloggen hvitstil ein konkurranse på bloggen sin. Eg la att ein kommentar for å vere med i trekninga, og tenkte ikkje så mykje meir på konkurransen då eg aldri brukar å vinne denslags. Så eg skal seie eg vart paff då eg nokre dagar seinare fekk beskjed om at eg hadde vunne ein ekstapremie!!! Og FOR ein ekstrapremie!

Ungane måtte hjelpe meg å opne dei fine pakkane, og det kom ei endelaus remse av "slette tid", "jøje meg", "nei, du og du", "i alle dager" og liknande ut av munnen min ettersom pakkane vart opna!

I den første pakken låg dette nyyydelege sengesettet til Minsten vår! Christine er ein racer å brodere monogram, og det hadde minsten fått på det lysegrå sengesettet sitt. Eg gler meg skikkeleg til å ta dette i bruk når Minsten skal over på neste dynestørrelse!

Den andre pakken innehelt eit sett med seks stoffserviettar, også desse med monogram! Desse skal nok få pryde mangt eit middagsbord, og eg tenkte "julefrukost" idet eg såg dei.

Tusen, tusen takk, Christine, som du skjønar fall dette verkeleg i smak! Stor klem! :)

The presents in the photos are a gift from Christine at hvitstil. She had a giveaway on her blog, and I was the lucky winner of a wonderful extra gift! A set of bed linens for our youngest, and six beautiful napkins. :)

8 kommentarer:

  1. Nææææ...SMASK, så fint!!!! Så heldig du var!

    SvarSlett
  2. Anonym1:29 p.m.

    nydeleg happy you :-)

    ha flott veke
    mvh sig

    SvarSlett
  3. Gratulerer. Nydelige ting. Jammen var du heldig.
    Ha en riktig god kveld :)

    SvarSlett
  4. Gratulerer , så flotte ting du vant!
    Ha en flott uke, klem fra Ingunn

    SvarSlett
  5. Dån så nydelig! heldiggrisen, men vel verdt da! ja nå kan du bare kose deg med pynt og stæsj! klem

    SvarSlett
  6. Heiii... :)
    Du har inspireret mig, og jeg har derfor tagget dig på min side! :)
    Tak for det.

    SvarSlett
  7. Å så heldig :)) Nydelige ting!
    Ønsker deg og dine en riktig fin dag. Jeg er hjemme med minsten i dag som har fått røde rennende øyne...huffa mej :( Men vi skal nok kose oss :) God klem

    SvarSlett
  8. Gratulera med flott premie! Var jo kjempenydeleg...

    Eg synes òg det er stor stas med tøy-serviettar til jul...gler meg..

    Ha ein fin dag!

    SvarSlett