lørdag, november 15, 2008

Ein eim av hjortesalt...


...låg over huset vårt i formiddag. Vi har hatt sjukdom i huset siste dagane, og aktivitetsnivået har vore deretter, men i dag var vi i alle fall såpass at vi fekk sopa ihop ei julemanndeig og baka litt med ungane. Julemanna (ja, det heiter "julemanna" og ikkje julemenn eller kakemenn på desse kantar av landet!) er vanlegvis det første vi bakar til jul, og dei er som regel best før jul. Dei som ikkje vert oppetne innan julaftan har ein tendens til å verte funne att i kakeboksen når vi byrjar på julebaksten i november året etter.

Blant kakeformene har eg fått ein ny favoritt. Denne store nissen brukte dei heime hos mannen då han var liten, og no har han fått plass i vår kakeformsamling. Eg synest denne nissen er skikkeleg fjong - og så eg som ikkje likar nissar eingong!

Maling av julemannane orka vi ikkje i dag, men dei smakte godt likevel! Oppskrifta er den beste eg har vore borti, og dersom du har lyst å prøve ei ny julemannoppskrift i år, kan du gjerne ta med deg denne:

650 g sukker
1/2 l lunka vatn
30 g hjortesalt
100 g margarin
Mjøl til passeleg tjukk deig

Rør ut sukker i lunka vatn. Ha i smelta smør og hjortesalt, deretter mjøl til deiga er passeleg tjukk. La deiga kvile eit par timar. Kjevle ut og stikk ut julemanna med kakeformer.

225 grader i ca. 15 minutt.

Lykke til! :)

10 kommentarer:

  1. Nam, de så gode ut - og nesten for fine til å spise!

    Flott blogg du har! - du er flink med kameraet! :-)

    SvarSlett
  2. nei, no dett eg av stolen!! Kakemenn i OKTOBER!


    (tulla..!)
    dei såg skikkeleg god ut! mmmm!

    SvarSlett
  3. nam nam -nå fekk eg lyst på kakemenn!!! Enig me deg dei smaka best før jul...

    for tante mimmi kjem nok jula litt tidlig i år, si ho trur at me e i OKTOBER ;-)

    SvarSlett
  4. Vad härligt gott det ser ut!

    Vad härligt att se att du fått inspiration av "Simple Sparrow" med hennes "Kitchen Poetry". Hon är min absoluta bloggfavorit.

    SvarSlett
  5. Så glad jeg ble for at du likte premien din!
    Ha en riktig deilig søndag med familien. Stor klem

    SvarSlett
  6. Bra att ni är friska igen! Ser mysigt ut hemma hos er i dessa dagar. Men för en svensk är detta med "julemanna" något märkligt. Degen smakar inte alls, det luktar inte gott när de bakas, och färdiga smakar de ju nästan ingenting! Men, men... vi har väl något konstigt i våra svenska jultraditioner också (fast jag inte kommer på något just nu..;0)

    SvarSlett
  7. Heisann :)Takk for oppskrift på julemanndeig! Den skal jeg printe ut..Løp for å finne papir og blyant men kom på at jeg kan gå inn på kontor-pc'en og printe..
    Er litt lat om dagen ;)Tror jeg har en liten bloggkrise for tiden..Jeg sliter med å finne på noe å skrive om hos meg og orker nesten ikke å besøke andre heller..
    Snålt fenomen..Den ene dagen bobler man nesten over av ideer men det neste dag er "tomt i krukka"..Håper det snart snur huff! Fin gammel kakeform du har..Jeg er så glad i gamle kjeksutstikkere og er alltid på jakt på loppemarkeder..Særlig mange har jeg funnet i Danmark opp gjennom årene..Ønsker deg en fin kveld videre..Det skal snart bli kaffekopp og inspirasjonsblad her også..Klem fra Kardemomme :)

    SvarSlett
  8. Skulle begynne med litt bakverk snart!

    Hilsen,
    Pillepalle

    SvarSlett
  9. Julemanna it is! Veit du, akkurat den same nisseforma har eg brukt til å stikke ut hundrevis av nissar! (Eller kanskje ikkje så mange, eg fekk ikkje lov til å lage så mange av denne sidan den var så svær og alltid vart liggjande att på kakefatet...)

    SvarSlett
  10. Vi bakte julemenner i dag vi og. Knall godt. Og stor takk til Svigermor som hadde skaffet til veie laktosefri svenskemelk! Visst ikke hadde det gått dårlig for min del...

    Husket ikke på å ta bilder da...

    SvarSlett