fredag, oktober 24, 2008

Bleieskiftarbeidar

Ein viktig del av programmet med baby i hus, er bleieskift. Då Storebror vart født, hadde eg vorte inspirert til å bruke tøybleiar via Nøstebarn. Eg strikka ullbukser i lanolingarn, og kjøpte inn brettebleiar og frottébukser i bomull. Tøybleiane fungerte ypperleg, og vi opplevde at det var mindre lekkasjar med tøybleiane enn med papirbleiar. Etterkvart vaks guten ut av ullbuksene sine, og eg fekk aldri somla meg til å strikke fleire. Dermed vart det dessverre ein brå stopp på ullbuksekarrieren hans, og det same var tilfelle då Vesla nådde same størrelse.

Denne gongen har eg vore så lur at eg strikka store, gode ullbukser medan eg gjekk gravid. Minsten skal få bruke tøybleiar til han er ferdig med bleieperioden sin. :) Og då vi er så fornøgde med tøybleiekonseptet, må eg berre bruke bloggen til å reklamere litt. Bruk av tøybleiar har nemleg mange fordelar, mellom anna desse:

- Det er bra for miljøet! Eg vert glad av å tenke på at vi sparar miljøet for ein gigantisk haug av bleiesøppel, i tillegg går det enormt med energi med til å produsere alle eingongsbleiane. Tøybleiane våre brukar i omatt og omatt, og sjølv om vi sjølvsagt brukar litt energi på vask av bleiane, kan det ikkje samanliknast med eingongsbleiar.

- Det er bra for huda til Minsten! Bleiane er laga av bomull og ull som lar huda puste, som igjen gir mindre risiko for sår stump og utslett.

- Det er økonomisk! Brettebleiar og ullbukser er den billegaste tøybleieløysinga, og vi sparer tusenvis av kroner i løpet av bleieperioden. Tenk på alt anna kjekt vi kan bruke desse kronene på! :D

-I tillegg synest eg at den runde, gode tøybleiestumpen er heilt skjønn, litt nostalgisk og mykje meir estetisk tilfredsstillande enn eingongsbleiar. Viktig argument, sjølvsagt! ;)



Før Minsten vart født tråla eg bleieforumet på tettinntil (ein må registrere seg for å få tilgang til bleieforumet) for informasjon, og der oppdaga eg at vi faktisk kunne droppe bøtter med vatn, eddik og brukte, skylte bleiar. Eg sydde eit par store posar med fór av eit vatn- og lukttett stoff, og desse legg vi bleiane rett i ved bleieskift. Dei heng på ein knagg ved stellebordet, og når posen er full, opnar vi glidelåsen og stappar heile posen i maskina. Vi gir bleiane ei kald skylling først, og set så maskina på vanleg 60 graders vask. Posen vrengjer seg sjølv under vask, og bleiane vert gullande reine. Frykteleg enkelt!

Ullbuksene, som er sperrelag (i staden for plastsnippar som var vanlege då eg var baby), kan strikkast av lanolingarn frå Nøstebarn, evt. av vanleg, ubehandla ullgarn (Østlandsgarn frå Nille fungerer prima og kostar ein brøkdel av lanolingarnet!) dersom ein gir det ein lanolinkur før ein tar buksene i bruk. Lanolin og mønster får ein hos Nøstebarn, det ligg også diverse mønster ute på nettet (sjekk tettinntil).

Det finst også utruleg mange slags fine "alt-i-ett-bleiar" i handelen for den som ikkje vil bruke brettebleiar, sjå til dømes Bleieboden.

Dette vart visst reine avhandlinga, men slik er det når ein er litt begeistra! :) Og når ein snakkar om sola - no må eg faktisk gå og ta eit bleieskift på Minsten!

11 kommentarer:

  1. Applaus! (kvifor kan me ikkje nytte kursiv, utheva, stor str her inne??? Hæ??? Eg treng det!)
    så flott! Du er veeldig god! Eg byrja med størsten...men så datt eg av, det skulle eg jo aldri gjort! Eg hadde vore rik! Bleier i 9 år...
    Men sei ikkje at du skl abruka det til småtten er ferdig..tenk om du får ein slik sengevætar- 6 år med ullbukse! neppe!
    Men...kvifor tenke på det no når du er så flink og i seget!:)
    hurra! og flotte bileter!
    god helg!

    SvarSlett
  2. Sukk, så nydeleg bilde der du held så godt rundt babyen. Ho veslo mi har knapt tid til å sitte på fanget og kose - full fart heile tida. Så eg lengtar tilbake då ho låg hjelpelaus inntil meg ;) Nyt det og kos deg vidare. Ha ei kjempefin helg :)

    PS! Flott bleieinnlegg, eg vart berre så opphengt i det bildet at fokuset frå bleiene forsvann bittelitt :)

    SvarSlett
  3. Hei!
    Jeg synes det er beundringsverdig at dere bruker tøybleier! Mamma gjorde det på meg og søskenene mine, men på den tida fungerte de dårligere... mye lekkasjer og tull.
    Her i huset er det papirbleier det går i... men snart er vel bleieperioden over for lillemann.
    Ha ei riktig god helg!

    SvarSlett
  4. herlig bilde,- gav meg ikke tid å lese alt,- men bildet av denne lille bolla var bare herlig...
    fin helg til deg~~~

    SvarSlett
  5. Ja, du er flink!!! Det må eg bare sei!
    Skulle ynskje eg hadde overskudd til å bruke tøybleier. Det er så sjarmerande at du får det til. Og ullbuksene er så sjønne.
    Ønska deg ei deilig helg :)
    Klem

    SvarSlett
  6. Anonym6:33 p.m.

    STILIG! Eg heiv nokre tøybleier i flytteprosessen. Men dei var ikkje spesielt gode. Eg prøvde med 1.mann, men gav opp etter nokre månader. DU ER FLINK!
    Ha god helg med miljøriktig bleieskift!! mvh sig

    SvarSlett
  7. Hei!

    Ja, bildet er tatt frå stuedøra mi:)

    God helg til deg og!

    PS: Beundrar energien din;)

    SvarSlett
  8. vi har også brukt tøybleier og er kjempefornøyd med de:)og ikke minst miljøvennlig

    SvarSlett
  9. Hei,
    takk for hyggelig kommentar Ü
    ..og takk for dette tipset. Gikk rett inn på Nøstebarna for å finne ut mer Ü Har ti uker igjen og dette fikk meg til å tenke. Søte bilder :)

    SvarSlett
  10. Neimen! Så kjekt at de og brukar tøybleier! Det ante meg då eg såg kommentaren din i bloggen min. :-) Biletet ditt er jo berre nydeleg... Herlege stumpen!

    SvarSlett
  11. Charlotte12:02 p.m.

    Har lest denne flere ganger nå, men lurer på en ting, jeg!
    Hvilket stoff kjøpte du til bleieposen? For noe slikt er jeg også på jakt etter nå :-)
    Og på bildet over: Hvilket mønster er bleiebuksen strikket etter? Så fin!

    Håper du ser dette, og at du har tid til å svare.

    SvarSlett