tirsdag, august 05, 2008

Prikk til prikk...

Tenkte eg skulle vise nokre prosjekt eg har laga siste halvåret av eit prikkete stoff eg bestilte frå ein eller annan amerikansk nettbutikk. Eg kjem dessverre ikkje på kva for ein butikk det var, for eg har handla stoff hos fleire utanlanske nettbutikkar, men eg vil i alle fall generelt anbefale å snuse litt rundt på tekstilar i utlandet, for prisane og utvalget er noko heilt anna enn det er her til lands! Eg bestiller alltid for under 200 kroner i gongen for å få varene toll- og momsfrie, men når prisane er så lave som dei er, får eg eindel stoff for dette. Hugs berre å sjekke kor mykje det vert i porto før du bestiller. :) Skal sjå om eg kan somle meg til å legge ut nokre linkar til dykk etterkvart. (Har no lagt nokre linkar under "nettbutikkar tekstil" i høgre marg.)

I alle fall, det første prosjektet er trekk til kamerastroppa mi. Eg har sett slike stropper til sals på nettet, men tenkte at dette måtte vere ei grei sak å ordne sjølv. Eg synest stroppa som fulgte med kameraet var så stiv og skrapete i nakken, men med eit mjukt trekk av bomullsstoff fòra med flanell, vart det mjukt og godt. Og så skiller kameraet mitt seg litt ut blant andre svarte kamera. :) Trekket er avtakbart, så dersom eg vert lei av det, er det lett å ordne seg eit nytt.

Neste prosjekt er også eit trekk. Vi kjøpte oss ny bil i sommar (må ha plass til tre barnesete snart, veit de!), og Vesla klaga på at selen i nyebilen skrapa slik på halsen. Dermed vart det seletrekk i prikkestoffet, fòra med fleece denne gongen. Trekket kan takast av og på og evt. snuast på vranga ved hjelp av borrelås. Eg og storebror vart så misunnelege på Vesla sitt mjuke seletrekk at eg måtte sy til oss òg. Praktisk og fargerikt i bilen!

Det tredje prosjektet er av litt større format, nemleg ein meitai til babyen vår. Eg har sydd ein kvit meitai tidlegare, men tenkte det kunne vere greit å ha ein i mørkare fargar å variere med. Eg har brukt brun cordfløyele til utside og stropper, og prikkestoffet til innsida. Framgangsmåten fann eg her, og instruksjonane med bilete var veldig greie å fylgje!

Det vart også ein meitai til det ferske tantebarnet mitt, også denne i cordfløyel, men med eit rosa stoff på innsida.

Det har vore godt med nokre dagar med skyer på himmelen etter all varmen, til og med regnet har gjort godt!

Fint å sitje i sofaen med opa dør ut til vinterhagen der regnet har tromma på glaset. Eg kosar meg med strikkinga, er straks ferdig med den første babyjakka.

Trultepusen vår, som omtrent ikkje har vist seg her i sommar, har plutseleg funne ut at det er greit å trekkje innandørs igjen. Regn er ikkje noko for ein katt! Ikkje denne katten, i alle fall. No tek ho livet med ro i korgsofaen i vinterhagen.

Avsluttar dagens innlegg med bilete av ei rose 'Mary Rose', som framleis står i potte og ventar på å få ein plass i hagen. Ho ser ikkje ut til å vere fornærma av den grunn, og har komt med fleire blomstrar siste vekene. Eit godt kjøp! :)

12 kommentarer:

  1. Lycka - när jag upptäcker att ditt namn har hamnat överst på listan bland mina länkar = nytt inlägg! Tror nästan jag börjar bli beroende av den här blogg-världen. Inspirationen gör mig GOTT! Wow, vad du är kreativ och aktiv med symaskinen. Tror nog du ska öppna affär en dag i alla fall;0) Jag skulle ha köpt det mesta av det du producerar!

    SvarSlett
  2. Så smarte stropper, både til kameraet og bilen:-) Og tips til stoff-nettbutikker mottas alltid med takk. Har selv bestilt fra et par amerikanske butikker og vært veldig fornøyd, og her om dagen fant jeg ut hvilken designer som hadde laget stoffene i det fine lappeteppet (som jeg ikke vant:-() jeg viste for et par innlegg siden:-)
    Ellers bare koser jeg meg med de nydelige bildene dine:-) Ha en kjempefin uke! Klem B:-)

    SvarSlett
  3. Prikker er nydelig. Flotte prosjekter du viser.

    Jeg må innrømme at jeg begynner å bli lei av varmen og lengter etter høststormene mot vinduene på tross av at jeg må sykle til jobben hver dag.

    SvarSlett
  4. Så fine ting du har laget. Lurt med slike trekk på selene i bilen og kamerastroppen. Jeg syns heller ikke selen i bilen er noe god å ha på halsen.
    katten vår var ved døra tre ganger i dag før han orket å gå ut fordi det regnet så fælt. Er nok ikke så glad i det nei. Liker seg best inne da.
    Kos deg videre ;)

    SvarSlett
  5. Smart du er..det visste jeg jo fra før..men likte disse syprosjektene dine! Mellomstejenta kom med kameraet sitt i går og ville ha skulderstropp sydd, så da laga vi i striper med fløyelsbånd over sømmen! Hadde ikke sett dette før jeg, men det var en artig idè!
    LAger du med borrelås siden du lett kan ta det av, eller bare tre utav??

    Ha en fin sommerkveld med nye kreative ideer!

    Syr handlenett jeg da, må bare finne mer stoff.. Kanskje jeg skal se på nettet..
    Smil fra meg :)

    SvarSlett
  6. Så mye fint og praktisk det ble av det prikkete stoffet. :) Skal ta en titt på de nettbutikkene som selger stoff, ja. Smart! Kan se at Trultepusen koser seg veldig. :)

    SvarSlett
  7. Flotte og smarte saker du har sydd deg! Ja med den dollarkursen som er nå kommer det mange pakker fra over there ned i min postkasse også tjihi ! Ha en flott dag!
    Klem

    SvarSlett
  8. så smart!nå vet jeg hva jeg skal gjøre med selene de alltid klager på;)
    flotte bilder nok en gang!

    SvarSlett
  9. Lurer litt på det du skreiv om kjøp i utlandet, under 200 kr, eller skal det vere 200 dollar? Ikkje så mykje ein får for 200 kr då om ein skal kjøpe stoff.

    SvarSlett
  10. Juliann; tollgrensa er på 200 NOK ja. Men eg får gjerne 4 yards frå USA til under 200 kr av stoff ein gjerne må betale opptil 150 kr meteren for i norske quiltebutikkar. Og portoen er vanlegvis heller ikkje ille, så då kjøper eg heller i fleire omgongar. Dessutan er som sagt enorm skilnad på utvalget! :)

    SvarSlett
  11. Veldig lurt med trekk til bilselen! I eit kjempefint stoff...Eg kjem nok til å sjekke ut dei nettbutikkane etterkvart! Eit godt tips dette med å ikkje handle over 200 kr...

    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett
  12. Nydelige bilder som alltid. Kjempe flotte prosjekta dine. Ikkje dum idè det med slike stroppar på camera og bilbelte. Maitai kan eg gjerne tenke meg å sy...men har så liten tid at det vert ingen syprosjekt på meg med det første... Kansje i vinter...
    Ønska deg fin helg!!
    Klem

    SvarSlett