fredag, august 08, 2008

Nytt og ikkje fullt så nytt

I dag har symaskina fått trimma seg litt igjen. I lengre tid har eg gått og ergra meg over ei praktisk, men lite estetisk plastkasse som har vore tilhaldsstad for dukkekleda på barnerommet. Plutseleg slo det meg at eg kunne sy eit ekstra stort stoffnett av same modell som handlenetta mine og bruke dette til oppbevaring av dukkekleda i staden! Som tenkt, så gjort! No heng nettet pent på plass på barnerommet, og mor i huset er svært nøgd med sin eigen innsats. :)

I fylgje overskrifta skulle dette innlegget handle om noko nytt og noko ikkje fullt så nytt. Det ikkje fullt så nye er også eit saumprosjekt, nemleg eit dukketeppe eg laga ein eller annan gong i løpet av bloggpausen eg hadde tidlegare i år.


Teppet vart laga av resirkulerte materiale. Kan hende de kjenner att det blomstrete stoffet frå denne pysjamasbuksa? Dei er laga av det same dynetrekket, funne på loppemarked. Det einsfarga lyselilla stoffet er også eit loppefunn, det same er flanellen eg brukte mellom desse stofflaga for å gi teppet litt meir tyngde og hald. Skråbandet er laga av blomsterstoffet med min eminente skråbandlagar frå stoff og stil. Smart oppfinning! Og det lille sløyfebroderiet broderte eg med ein rest broderigarn eg har fått av svigermor.

Det er fantastisk kjekt å skape noko nytt av ting som like gjerne kunne vore kasta! Berre prøv! :)

3 kommentarer:

  1. Heisann
    Så flott det blei :) Kor har du forresten kjøpt det flotte blå stoffet med prikkar på? Eg skal og sy ein pose til å ha duplo i til velsemor tenkte eg, og det stoffet hadde våre perfekt :)

    Oi....ser at eg blir lett påvirka av at andre skriv nynorsk, hihi :)

    Klem fra nr. 5

    SvarSlett
  2. Stadig noko nytt frå symaskina di. Må seie eg er imponert over kor flink du er! Nydelege fargar på sengeteppet til dokka, og det fine broderiet på toppen!!

    Skikkeleg lurt å sy stort handlenett til dukkeklær...

    Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  3. Det prikkestoffet er skikkelig søtt! God idè med dokkekle-nett!
    GOD HELG!

    SvarSlett