fredag, august 15, 2008

Ønska og elska


Det er omlag 5 veker att til termin. Med tanke på at Vesla vår kom 3 veker før termin, er det godt at det meste no er klart til ein ny baby i huset. Korga, som er ei gamal kleskorg frå pappa si slekt, er gjort klar, og står under eit laken på loftet, for ikkje å støve ned. :)

Eg var innom bloggen dans på roser i dag. Der låg det ein tekst ei mor hadde skrive på veggen på barnerommet, teksten starta slik: "Before you were concieved, I wanted you." Det fekk meg til å tenke på Salme 139 i bibelen:

"Du har skapt nyrene mine, du har forma meg i mors liv. Eg prisar deg fordi eg er verka på skremmande underfull vis. Underfulle er dine gjerningar, det veit mi sjel så vel. Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løyndom, då eg vart laga med slik kunst i djupet av jorda* (*i mors liv). Dine augo såg meg då eg var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje éin av dei var komen."

Nokon seier at det er vanskeleg å tru at det finst ein Gud som skal ha skapt oss. Eg synest det er vanskeleg å ikkje tru det. Snakk om kreativitet! Alle er vi skapt ulike, og det er ikkje tilfeldig at eg og du er til. Vi er ønska og elska av skaparen av universet!

Ta gjerne tid til å sjå ein fantastisk video eg snubla over då eg gjorde eit google-søk på salme 139.

7 kommentarer:

  1. jess! Akkurat. Det er så godt og trygt å tenke på at man er planlagt av Gud. INGEN er en tilfeldighet! Det er fantastisk. Og jeg deler synspunktet om at det er vanskelig å la være å tro, nettop fordi man skjønner at alt er planlagt, hvert hårstrå er telt. Nydelig innlegg! Ha noen velsigna uker framover mot fødselen. Samle kreftene og ha det fint =) klem, Kathrin.

    SvarSlett
  2. VACKERT!!!!! Instämmer i jättefina ord och korgen är ju helt underbar! Läste en gång Thor Heyerdahls tankar (spännande karl med en spännande troshistoria) om att utveckling kanske är långsam skapelse, och skapelse en väldigt rask utveckling...? Jag tror på Gud som Skaparen, och undrar mig ofta över vad vi människor kallar utveckling?

    Det blev blå/grön "nattkjole", så om du väljer den måste du nästan sova med din fina ring på;0)

    SvarSlett
  3. Anonym8:56 p.m.

    Hei "posdriv"!
    Jeg håper du aldri slutter å skrive slike vers og dikt med åndelig innhold. Det så godt å lese det.
    Mvh siv/vestfold

    SvarSlett
  4. fint vers;)kos deg nå,denne tiden fremover er spesiell!

    SvarSlett
  5. For et fint innleg.
    Tror heller ikke at alt det vakre som er rundt oss, er skapt av ren tilfeldighet.

    Du får ha lykke til frem til fødselen.

    Hilsen fast besøker:)

    SvarSlett
  6. Var innom dans på roser før i dag og da jeg leste teksten så tenkte jeg også på salme 139.Godt å vite at vi er planlagt, ønsket og elsket!
    Så videoen du hadde linket til-NYDELIG.Likte sangen veldig godt også.
    Ønsker deg det aller beste for ventetiden frem til nurket kommer :0)

    God helg.

    SvarSlett
  7. Kristine8:52 p.m.

    Hei, jeg har termin 23 sep med vår 3 mann! Falt pladask for bildet! Lykke til fremover!
    -Kristine-

    SvarSlett