søndag, juli 06, 2008

Man tager...

...1 stk "Vakre hjem og interiør", leser fristende oppskrift...

...går ut i sin have og tager videre en bunt velduftende lavendel, blander med diverse enkle ingredienser og ender opp med...

...en stabel vidunderlige lavendelcookies! :)

Dei vart knallgode! Kjeksa var søte og passe sprø, med berre eit hint av lavendel, og både små og store likte dei her i huset, i alle fall.

Medan eg først var i siget med å plukke lavendel i hagen, tok eg ein ekstra sving og klipte nye roser til vasane. Denne første er ei av dei første rosene som blomstrar i den før omtalte nyplanta rosehekken vår. Det er 'Maiden's Blush', og den skuffar ikkje! Utruleg delikate, sart rosa roser med fortryllande duft! Og denne hekken skal bli omlag 2 meter høg og fullstappa med roser etterkvart - den kjem til å verte eit syn!

Dette er også ein nykomling i hagen vår, dei første rosene på 'Lykkefund'. Det var storebror som oppdaga dei i dag, og han kom springande inn og ropte: "Mamma, no blomstrar den nye rosa vår!" Hehe, den guten har skjønt kva mora let seg begeistre av! Så vart eg og ungane sitjande på kne og sniffe henført inn i blomstane, for denne rosa duftar også nydeleg. :)

På stuebordet er det "oldemorrosa" som får pynte opp. Denne har eg fått som rotskot av mi mor, som har fått den som rotskot av si mor, som igjen har fått den som rotskot av si mor. For ungane våre vert dette altså "tippoldemorrosa", og eg håper at dei ein vakker dag har lyst til å ta med seg rotskot til sin eigen hage slik at den kan gå vidare i arv. :)

5 kommentarer:

  1. Så nydelege roser du har! Eg planta Helenae Lykkefund i Bergen og i mamma sin hage, og saknar ei her i Stavanger. Hagen vert førsteprioritet til neste år, så då skal eg nok få ei og to i jorda. Den tippoldemorsrosa var nydeleg. Og herleg at også planter kan gå i arv!

    Ha ein fin mandag!!

    SvarSlett
  2. No har eg smuglese bloggen din ei stund, så eg tenkte eg måtte gi meg til kjenne! Har lagt ein link til sida di på bloggen min, håper det er i orden! Lurer fryktelig på kvar du bur....

    Blogghelsing frå Tove, Ørsta

    SvarSlett
  3. Eg må berre få sei at eg vart fryktelig glad den dagen eg oppdaga at du var attende i bloggverda! Du har ein nydeleg hage som eg misunnar veldig! :o)

    SvarSlett
  4. Ja, siste nummer av vakre hjem var bare såååå fint! Masse inspirasjon. Jeg har laget badesaltet etter instruksjonen i det nummeret.=) Får prøve kjeksene også.... Herlige bilder fra måltider i hagen. Skjønner at Lykkefund-rosen er verdt å ha i hagen. Mon tro om den er hardfør? Lekre roser!

    Ha det fint! =)

    SvarSlett
  5. Så nydelige blomster du har i hagen din!! Så spennende lavendel kakene ser ut! Jeg har også plukket inn lavendel i dag så jeg tror jeg må finne frem Vakre Hjem bladet mitt og se om kan finne oppskriften :)

    SvarSlett