søndag, juli 20, 2008

Handarbeid

Hurra! Eg er ferdig med vognteppet! I dag sat eg ute i ettermiddagssola og hekla siste biten av taggekanten som avsluttar det heile. Godt å få det i hamn, og no må eg dure på og få gjort ferdig hentesettet eg strikkar på. Merkar at eg får litt tidsnød, men trøystar meg med at det faktisk er ei stund til slutten av september enno.

Ungane har også gjort ferdig eit handarbeidsprosjekt i dag. Vi har arva eit par vevar, og den eine har stått framme nokså lenge i tilfelle vevelysta skulle melde seg. I dag fekk storebror ånda over seg og gjorde det heile ferdig, med litt hjelp av Vesla, og litt av meg. Vi vart enige om at dette er ein liten duk, og alle var særs nøgde med resultatet!

Fargane gir meg assosiasjonar til svale dagar ved havet!

Basaren på bloggen min er over, men ute i den store verda er det fleire basarar å delta i! Eg har store planer om å vinne eit nydeleg quilta teppe hos Old Red Barn Co.. Kanskje vil du òg prøve lukka? Instruksar for korleis du kan delta finn du ved å klikke på denne linken. :)

8 kommentarer:

  1. Aah! Deilig med eit ferdig stillt prosjekt!Grattis! Vart flott vognteppe!
    Eg kjenner godt den der kjensla når ein går gravid,om alt ein vil få gjort.Fyrst er der Kleprosjekt.Alt,vil ein strikke og lage til den vesle ein går og ventar på.So kjem ryddeprosjekt (rom til den vesle, system i boden m.m.)og til sist vaske hus og få på plass prosjekt!Redebygging til tusan;-)
    Kos deg i denne fine tida du har føre deg!
    Kor flinke ungar du har! Vart riktig sommarsleg den vesle løparen!

    SvarSlett
  2. Så fint vognteppe..også hentesett også ;) koselig håndarbeid vil jeg tro ;)

    Jeg strikket små rosa strikkejakker i nøstebarnull/silke til lillegullet da jeg gikk gravid. Også et sånt slumreteppe som "alle" har. Har aldri vært noen racer med strikkepinnene, men da koste jeg meg virkelig, og tingene ble faktisk både fine og ferdige ;)

    Håper du har en fin tid nå, og at du slapper av og koser deg. Nyt sommeren ;)

    SvarSlett
  3. Nydelig vognteppe, i flotte farger. Syns løperen til ungene var flott den også, så jevnt og fint vevd. Fine farger også. :)

    SvarSlett
  4. Mmmmmm.... smask! Nydelig.

    SvarSlett
  5. Grattis! Ja, det närmar sig. Vognteppet blir jättefint! Gläder mig till att se hentesettet;0) Ha en god dag!

    SvarSlett
  6. oioi..flinke barn og det hekla teppe såg flott ut!!'Har jo planer om ett jeg også...men tiden går uten at jeg får bestemt meg for farger osv.:-)

    Håper dere får en fin sommeruke.

    Klem

    SvarSlett
  7. Så flinke dere er! Kjempefine, både vognteppet og løperen:)

    SvarSlett
  8. Kunne ikkje la være å flire litt når eg las at du hadde god til fram til september. Det sa eg for eit år sidan. Eg hadde termin i september ifjor og alt vart planlagt utifrå termindato. Naiv som eg var, trudde ikkje eg ho kunne komme før, for alle sa jo at "du går heilt sikkert over tida". Vips, 3,5 veke før termin kom ho. I august, ei veke etter at eg var forlovar og på reise i god tru om at det var lenge til fødselen. Ingenting ferdig, alt berre kaos. No trur eg ikkje at det er slik med deg, men eg håpar du er betre forberedt enn meg. Eg var heilt på bærtur....Lykke til, god sommar vidare.

    SvarSlett