lørdag, juli 19, 2008

Borte bra, heime best...

Då er årets ferietur over. Måndag la vi ut på tur med bilen full av bagasje, og turen gjekk til...

...Bergen. Som student budde eg nokre år her, og eg vart reint nostalgisk av å vere tilbake. Eg visste at eg var glad i Bergen, men hadde ikkje trudd at eg skulle få klump i halsen då vi kom køyrande inn i byen. :) Godt å vere tilbake for nokre dagar, med andre ord.

Det var, som det gjerne er på desse kantar av landet, sol og regn om kvarandre, men vi syntest vi var nokså heldige då dei verste regnbygene stort sett gjorde frå seg medan vi var innandørs (vilvite-senteret, akvariet, butikkar...).

I går vende vi snuten heimover, og då kom jammen finevéret. Vi tok sjølvsagt mange stopp undervegs, her måtte eg forevige utsikta mot Geirangerfjorden. Jammen er det vakkert, dette landet vårt! (No skulle sjølvsagt Sissel Kyrkjebø stemt i med "Å Vestland, Vestland"! *knis*)

Jaujau, som dei seier: Borte bra, heime best. Og sanneleg var det godt å kome heim. I bloglines var det over 200 nye oppdateringar i bloggane eg abonnerer på, så eg har eindel å kose meg med til kveldskaffien min! Ha ein fredeleg laurdagskveld!

10 kommentarer:

  1. Velkomen heim! No er eg ikkje sikker på kvar "heime" er for deg, men eg mistenkjer ein stad på Vestlandet... Er så kjekt å lese innlegga dine og sjå alle dei vakre bileta dine!

    SvarSlett
  2. Så fine bilder! Ja, vestlandet har virkelig en fantastisk natur, jeg liker meg også godt der :0)

    SvarSlett
  3. Den sangen du linka til av Nicole er vakker. Den har jeg ikke hørt før. Nydelig!
    Jeg er så glad jeg har fått bli kjent med "I am", Jesus.

    Bergen er en av mine favorittbyer også. Håper å få en tur dit senere i år... Nå koser vi oss hjemme - plukker blåbær, ordner rundt huset, og nyter livet, og håper på enda bedre vær...

    SvarSlett
  4. Det så ut som en nydelig tur! Vi må nok komme oss en tur til bergen snart, har ikke vært der siden jeg var 12 tror jeg! Ha en fortsatt god helg! klem fra silje.

    SvarSlett
  5. Så fine bilete frå turen. Du gjer at ein får lyst på ein tur i vårt eige land.
    Ha ei flotte helg heime!
    mvh sig

    SvarSlett
  6. Velkommen heim att:)
    Jammen er Norge et vakkert land, og Bergen en feiende flott by!!
    Men en ting er sikkert - ingenting slår det å sove i egen seng !!

    Apropos ---natta!!

    SvarSlett
  7. Fikk heimlengsel jeg nå...til Bergen!! Er på Sunnmøre da, så vi koser oss jo her og...Men senga er ikke den samme!!!

    SvarSlett
  8. Välkomna hem! Det är skönt att veta att ni är på plats igen;0)

    SvarSlett
  9. Så artig, jeg går forbi denne sykkelen på vei til jobb!
    Den er nydelig!

    SvarSlett
  10. Hi! I can't read anything, but I am guessing you went on a mini-vacation? The photo of the lake and mountain doesn't look real! So pretty. What a lovely & lucky trip you had. Best, Anne Reeves

    SvarSlett